Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3308 (2025-2026)
Innlevert: 28.06.2026
Sendt: 29.06.2026
Besvart: 01.07.2026 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Anne Grethe Hauan (FrP): Meiner statsråden det er akseptabelt at pasientar i Noreg framleis får lungekreft oppdaga for seint, etter sju år med utgreiing utan resultat – eller tek statsråden no ansvar og sørgjer for at dette ikkje blir endå ei sak som blir liggjande medan tida går og folk døyr i påvente av handling?
Lungekreft er den kreftforma som tek flest liv i Noreg. Samtidig veit me at sjukdommen altfor ofte blir oppdaga for seint, når moglegheita for å bli frisk er langt mindre.
Me veit også kva som kan endra dette.
Screening gjer det mogleg å oppdaga lungekreft tidleg, når behandling kan kurera. Effekten er dokumentert, fagmiljøa har anbefalt ordninga, og analysar viser at dette er eit tiltak Noreg kan gjennomføra.
Likevel skjer det ikkje.
Saka har vore på agendaen sidan 2019. Sidan den gong har ho gått gjennom fleire rundar med utgreiing og vurderingar, utan at pasientane har fått eit tilbod. Resultatet er at folk framleis får diagnosen for seint – sjølv om me veit at det finst eit betre alternativ.
Dette er ikkje berre ei enkelt utsetjing.
Det liknar eit mønster der viktige tiltak blir ståande i systemet, medan avgjerder blir utsette og ansvar blir skyvd framover. For pasientane betyr det at tida går utan at noko skjer.
I denne saka får det ein heilt konkret konsekvens:
Folk får ikkje behandling i tide – og liv går tapt medan avgjerdene let venta på seg.
Dette handlar ikkje lenger om kva me veit.
Det handlar om om me faktisk gjer det som må til – før det er for seint.

Jan Christian Vestre: Det er et mål i Felles innsats mot kreft - nasjonal kreftstrategi, 2025-2035 å innføre flere screeningprogrammer, blant annet for lungekreft.
Det er nødvendig at utredningen av lungekreftscreening er tilpasset forholdene i Norge. Vurdering av om det bør innføres et nytt nasjonalt helsetilbud, krever et grundig utredningsarbeid med avveiing av fordeler og ulemper. Beslutningsgrunnlag må kunne gi en samlet vurdering av etiske, praktiske, budsjettmessige konsekvenser. Oslo Economics har, på oppdrag fra Helsedirektoratet, utarbeidet en helseøkonomisk analyse av å innføre et nasjonalt lungekreftscreeningprogram. Den ble levert til Helsedirektoratet før sommeren og vil inngå i Helsedirektoratets rapport om lungekreftscreening. Helsedirektoratet vil legge sin foreløpige tilrådning ut på offentlig høring til høsten slik at aktuelle interessenter kan komme med innspill. Helsedirektoratet tar sikte på å oversende sin anbefaling til departementet før jul 2026.