Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:3328 (2025-2026)

Innlevert: 29.06.2026
Sendt: 30.06.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Kva krav gjeld til lysbehandlingsutstyr hos avtalespesialistar som behandlar pasientar med psoriasis på vegne av den offentlege spesialisthelsetenesta, og meiner statsråden at dagens krav sikrar eit likeverdig behandlingstilbod, mellom anna tilgang til lyskam for pasientar med psoriasis i hovudbotnen?

Begrunnelse

For mange med psoriasis er lysbehandling ei god og effektiv behandling som reduserer betennelse i huda og gir god og langvarig effekt. Lysbehandling blir ordinert av hudlege og er ofte aktuell når smørjebehandling ikkje har god nok effekt, eller for dei som av ulike grunnar ikkje kan bruka annan systemisk behandling.

Sjølv om mange har god effekt av lysbehandling, får Psoriasis- og eksemforbundet stadig tilbakemeldingar om at det er vanskeleg å få gjennomført behandlinga.

Lysbehandling blir som regel tilbydd i hudlegekontora si opningstid. For mange betyr det lange reisevegar, fråvær frå jobb eller skule og fleire timar til reise og venting, sjølv om sjølve lysbehandlinga ofte berre tek nokre få minutt. I tillegg tilbyr ikkje alle hudlegekontor lysbehandling.

Tidlegare lånte Psoriasis- og eksemforbundet ut lysbehandlingsutstyr til pasientar som hadde fått lysbehandling ordinert av hudlege. I juni 2022 tok Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit kontakt med Psoriasis- og eksemforbundet for å avklara regelverket. Direktoratet presiserte at det ikkje er tilstrekkeleg at hudlegen har ansvaret for lysbehandlinga. Lysbehandlinga må òg gjennomførast av autorisert helsepersonell, jf. strålevernforskrifta § 48 bokstav g. Dette har avgrensa tilgangen til lysbehandling for mange pasientar.

Psoriasis- og eksemforbundet får ofte spørsmål om kvar pasientar kan få lysbehandling, og har derfor laga ei oversikt over behandlingstilboda. Samtidig opplever mange at hudlegar ordinerer lysbehandling utan å tilby lysbehandling sjølve. Pasientane må då sjølve undersøkje kvar dei kan få gjennomført lysbehandling.

Forbundet får òg tilbakemeldingar om at det sjølv i Oslo er vanskeleg å finna tilbod om lyskam for pasientar med psoriasis i hovudbotnen, og at pasientar blir sende frå den eine hudlegen til den andre. Etter det Psoriasis- og eksemforbundet kjenner til, stiller dei regionale helseføretaka ikkje krav om at avtalespesialistar skal tilby denne typen utstyr. Det er derfor opp til den enkelte hudlegen kva utstyr som blir kjøpt inn og kva behandlingstilbod pasientane får.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig