Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3668 (2025-2026)
Innlevert: 06.09.2026
Sendt: 10.09.2026
Besvart: 18.09.2026 av samferdselsminister Kamzy Gunaratnam

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til å endre bompengeordningane slik at timeregelen blir meir fleksibel og ikkje påfører folk ekstra kostnader når dei oppsøkjer helse- og aktivitetstilbod?
I media er det nyleg omtalt korleis innbyggjarar i Nordhordland opplever at dagens timeregel i bomringen gir urimelege utslag. Ein person som brukar Brekkeløypa til mosjon må betale bompengar både på veg inn og ut fordi éin time ikkje er tilstrekkeleg til køyretur, parkering, aktivitet og retur. Vedkomande peikar på at den same utfordringa oppstår ved besøk hos lege og tannlege.
Målet med bompengeordningar er å finansiere infrastruktur, ikkje å gjere det dyrare å ta vare på eiga helse eller oppsøkje nødvendige helsetenester. Når innbyggjarar som ønskjer å vere fysisk aktive eller må nytte helsetilbod blir påførte fleire bompasseringar fordi tidsvindauget er for kort, kan dette framstå som ein ekstra belastning på aktivitetar samfunnet elles ønskjer å stimulere til.
Eg ønskjer derfor at statsråden vurderer om dagens praksis med éintimarsregel er hensiktsmessig, eller om timeregelen bør utvidast for å hindre slike utilsikta og urimelege utslag.

Kamzy Gunaratnam: Det er eit grunnleggjande prinsipp at bompengefinansiering på offentlege vegar skal byggje på lokalpolitisk tilslutning. Gjennom lokalpolitiske vedtak vurderer lokale styresmakter mellom anna om belastninga frå bompengar som eit nytt bompengeprosjekt vil medføre, er akseptabel i lys av nytten prosjektet gir. Alle bompengeprosjekt må difor vere lokalt forankra gjennom vedtak i dei aktuelle kommunane og fylkeskommunane før dei kan leggjast fram for handsaming i Stortinget. Deretter gir Stortinget sitt samtykke til at bompengeselskapet kan krevje inn bompengar og eventuelt ta opp lån.
I bomringar er det i dag normalt med timesregel på ein time og eit passeringstak på 60 passeringar. Eg oppfattar at desse ordningane fungerer godt. Timesregel skal medverke til at trafikantane skal ha tid til å køyre i heile området, men berre betale for ei passering innan ein time. For trafikantar med mange reiser i månaden er det ordninga med passeringstak som reduserer belastninga. Det er ikkje mogleg teknisk, og heller ikkje ynskjeleg, å knyte desse ordningane til hensikten med reisen.
Takstretningslinjene er allereie fleksible i den forstand at i særskilte høve kan andre tidsperiodar enn ein time leggjast til grunn. Dette må i så fall gå fram av utgreiinga i kvar enkelt sak når den handsamast lokalt og leggjast fram for Stortinget. Det er ikkje opna for at bompengeprosjekt og bompengepakkar i drift kan innføre ordningar undervegs som svekker økonomien og måloppnåing, då dette vil kunne gå ut over utbyggingsporteføljen og forholdet til garantisten for låneopptaket.
For den konkrete pakken det visast til i Nordhordland, følgjer føresetnader og innkrevingsopplegg av Prop. 164 S (2016-2017) Finansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland og Innst. 34 S (2017-2018). Eg vil understreke at lokale styresmakter i forkant av framlegget for Stortinget, handsama eit forslag med det opplegget som er i drift i dag og tilrådde gjennomføring av pakken.
Eg vil vidare vise til at for Nordhordlandspakken ligg det allereie føre ei rekke ordningar for å redusere belastninga for dei trafikantane som har størst behov for reiser. Plasseringa av bomstasjonane er valt på grunnlag av ei tenkt inndeling av regionen i fire soner der trafikk mellom sonene berre betalar for ei passering. Interntrafikk i sonene køyrer gratis med unntak av interntrafikken i sone 3 som betalar ved bruk av ny fv. 565 på Radøy. Dette opplegget føreset timesregel slik at trafikantane berre betalar bompengar ein gong i løpet av ein time, uavhengig av kor mange bomstasjonar som er passerte. I tillegg er det eit passeringstak på 50 passeringar per månad for alle køyretøy med gyldig brikke og avtale. Dette passeringstaket ligg altså under normalen på 60 passeringar.