Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Remi Sølvberg (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3715 (2025-2026)

Innlevert: 11.09.2026
Sendt: 11.09.2026
Besvart: 18.09.2026 av samferdselsminister Kamzy Gunaratnam

Remi Sølvberg (R)

Spørsmål

Remi Sølvberg (R): Vil statsråden gje transportverksemdene eit supplerande utgreiingsoppdrag om organiseringa og styringa av jernbanesektoren i arbeidet med Nasjonal transportplan 2029 til 2040, og når vil eit slikt oppdrag i så fall bli gjeve?

Begrunnelse

Nasjonal transportplan 2029 til 2040 skal leggjast fram våren 2028. Departementet har gjeve transportverksemdene fleire utgreiingsoppdrag som grunnlag for planen. Oppdraga har titlane Utfordringsbilde og mobilitetsbehov, Mer for pengene, Klima og miljø, Motstandsdyktighet i transportsektoren og Kompetanse. Eit oppdrag om framtidig transportetterspurnad blei gjeve 11. juni 2026, med frist 1. oktober 2026. Eg kan ikkje sjå at noko av dette gjeld korleis sektoren er organisert og styrt.

Samstundes peikar utgreiingane om norsk jernbane nettopp på organisering og styring. Riksrevisjonen konkluderte i Dokument 3:14 (2023–2024) med at aktørane og bruken av verkemiddel har vore for dårleg samordna. KPMG kartla organisatoriske og styringsmessige utfordringar i sektoren i 2023. Departementet bestilte sjølv den kartlegginga i januar 2023, som del av ein gjennomgang av organiseringa og selskapsstrukturen. Transportøkonomisk institutt gjekk gjennom organiseringa av jernbanen i Noreg i rapport 1893/2022. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring evaluerte Jernbanedirektoratet i 2020, på oppdrag frå direktoratet sjølv.

Stortinget handsama Dokument 8:48 S (2024–2025) om ei uavhengig evaluering av jernbanereforma 24. april 2025. Forslaget blei ikkje vedteke. I brev til komiteen 14. februar 2025 skreiv statsråden at han ikkje såg behov for ei ny utgreiing av jernbanesektoren, og at aktørane trong arbeidsro.

Det er gått om lag halvanna år. Etterslepet har auka vidare i perioden. Nasjonal transportplan er det einaste dokumentet der Stortinget tek stilling til sektoren i eit tolvårsperspektiv, og arbeidet med den neste planen går føre seg no. Dersom organiseringa ikkje blir utgreidd i denne fasen, vil Stortinget i 2028 få ein plan som tek dagens selskapsstruktur for gjeve.

Spørsmålet gjeld ikkje om jernbanereforma skal reverserast. Det gjeld om Stortinget skal få eit kunnskapsgrunnlag om organiseringa når planen kjem.

Kamzy Gunaratnam (A)

Svar

Kamzy Gunaratnam: Det er rett at utgreiingsoppdraga ikkje inkluderer eit deloppdrag om å vurdere organisering og styring av jernbanesektoren. Som samferdselsminister har eg ansvaret for at sektoren er organisert på ein måte som støttar opp under måla regjeringa har for jernbanen.

Då regjeringa tiltredde i 2021, var jernbanen utan sterk statleg styring, infrastrukturen var nedsliten, og mange av toga var gamle. For å få belyst organisatoriske og styringsmessige utfordringar i jernbanesektoren innhenta Samferdselsdepartementet, som du viser til, ein rapport om Kartlegging av organisatoriske og styringsmessige utfordringer i jernbanesektoren frå konsulentselskapet KPMG i 2023.

Regjeringa sette i verk ei rekkje tiltak for å bøte på utfordringane og manglane rapporten peika på. Vi har innført eit gjennomgåande plansystem i sektoren for å sikre at alle delar av togtilbodet heng saman, og at prioriteringane til regjeringa og Stortinget blir gjennomførte på ein effektiv måte. Vi gir årlege oppdragsbrev til Bane NOR, Norske tog og Entur. Eit heilskapleg risikostyringssystem er etablert, og det same gjeld nye arenaer for koordinering mellom verksemdene. Vi har revidert jernbaneforskrifta, sett i verk tiltak for betre styring av drift, vedlikehald og fornying av infrastrukturen og fastsett roller og ansvar i utvikling og gjennomføring av tilbodsforbetringar. Vidare hentar regjeringa inn ei ekstern gjennomgang av utsetjinga av dobbeltsporet mot Hamar. Gjennomgangen blir ferdigstilt i løpet av 2026 og skal gi lærings- og forbetringspunkt for styringa av store infrastrukturprosjekt. Det er viktig at dei igangsette tiltaka får tid til å verke og gi den ønskte effekten, slik at dei kan bidra til å løyse dei styringsmessige utfordringane i sektoren.