Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Maren Grøthe (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:3775 (2025-2026)

Innlevert: 15.09.2026
Sendt: 15.09.2026
Besvart: 22.09.2026 av næringsminister Cecilie Myrseth

Maren Grøthe (Sp)

Spørsmål

Maren Grøthe (Sp): Meiner næringsministeren at regjeringa har eit ansvar for å bidra til å sikre framtida til strategisk viktig industri som Ulefoss Jernverk, og kva konkrete tiltak vil regjeringa eventuelt vurdere for å hindre nedlegging av bedrifta og tap av norske industriarbeidsplassar? 

Begrunnelse

Nedlegging av Ulefoss Jernverk vil bety tap av om lag 114 arbeidsplassar i ein region som er sterkt avhengig av industriverksemd. Det blir peika på at krevjande rammevilkår for norsk industri har bidrege til den vanskelege situasjonen.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Ulefoss Jernverk er ei tradisjonsrik verksemd som har drive på Ulefoss sidan 1657. Dei produserer gategods i støypejern, som kumlokk og rister. Det er mykje industrihistorie som ligg i jernverket, og mange arbeidarar går no ei usikker tid i møte.

Det ligg til styret og eigarane av verksemda å treffe avgjerder om den vidare utviklinga i selskapet. Eigarane vil samle produksjonsverksemda i Noreg på Furnes Jernstøperi på Stange og auke produksjonskapasiteten der. De planlegg store investeringar i verksemda på Stange og at dei treng fleire tilsette der på sikt. Eg har respekt for at eigarane finn løysingar som vil styrke konkurransekrafta deira for framtida.

Regjeringa bidreg til omstillinga. Det næringsretta verkemiddelapparatet kan gi tilgang på infrastruktur for innovasjon og næringsutvikling, finansiering, rådgivings- og nettverkstenester og kompetanse. Enkelte bransjar er òg omfatta av eigne ordningar. CO2-kompensasjonsordninga kompenserer verksemder i kraftintensiv industri mot den auka i straumprisen som skyldast prisinga av klimagassutslepp i det europeiske klimakvotesystemet. Ulefoss Jernverk har samla motteke i overkant av 17 mill. kroner i CO2-kompensasjon dei siste fem åra.

Samstundes kan omstilling vere krevjande for enkeltmenneske. Vi har eit godt system i Noreg for å ta vare på arbeidstakarar som blir direkte påverka av avvikling og nedbemanning. Høg sysselsetting og låg arbeidsløyse er viktige mål for denne regjeringa. Sidan 2021 er det skapt omtrent 175 000 nye arbeidsplassar i Noreg. Åtte av ti av desse er skapt i privat sektor.

Gjennom både Meld St. 16 (2024-2025) Industrien – konkurransekraft for ei ny tid (Industrimeldinga) og i regjeringas plan for Noreg er det å styrke konkurransekrafta er ei av hovudprioriteringane for denne regjeringa.
Derfor er det gledeleg å sjå at det i hovudsak går det godt i norsk industri. Industriproduksjonen auka med 0,7 pst. i 2. kvartal i 2026, samanlikna med same periode året før. Industriomsetjinga auka med 4,4 pst. Tendensen i SSBs konjunkturbarometer stadfester dette. Norske industrileiarar vurderer dei generelle utsiktene for 3. kvartal som positive.