Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til justisministeren

Dokument nr. 15:804 (2004-2005)

Innlevert: 24.05.2005
Sendt: 24.05.2005
Besvart: 26.05.2005 av justisminister Odd Einar Dørum

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Det finst døme på at kommunar i dag må betala døgnpris til staten for eigne innbyggjarar som sonar ein straff.
Meiner statsråden dette er rett, eller vil han gjere noko for å rydda opp?

Begrunnelse

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Eg legg til grunn at representanten sikter til ordninga med gjennomføring av straff etter §12 i straffegjennomføringslova. Kriminalomsorga kan godkjenne gjennomføring av straff i institusjon dersom kriminalomsorga ikkje kan ivareta behova til domfelte og opphaldet er til beste for domfelte. Finansiering av opphald i institusjon er avhengig av om det gjeld ein rusomsorgsinstitusjon som har avtale med helseføretaka eller ein privat institusjon. Om opphaldet etter § 12 er i ein institusjon som har avtale med eit helseføretak, betalar helseføretaket opphaldet. Om opphaldet etter § 12 er i ein privat institusjon, betalar kriminalomsorga ein del av kostnadane. I tillegg betalar kriminalomsorga dagpengar til domfelte. Heimkommunen til domfelte skal dekkje resten av kostnadene ved opphaldet. Om kommunen ikkje ynskjer å dekkje kostnadene, må domfelte uthalde straffa i fengsel. Heimkommunen må såleis ikkje i noko tilfelle betala døgnpris til staten, men i nokre tilfelle, der kommunen sjølv ynskjer at domfelte skal ha opphald i privat institusjon, betala delar av kostnadene ved opphaldet i privat institusjon.