Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:122 (2013-2014)

Innlevert: 25.11.2013
Sendt: 25.11.2013
Besvart: 28.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Arbeidsministeren seier til NTB 22.november at han gjev IA-avtalen strykkarakter.
Kva er det statsråden konkret meiner er feil med avtalen; er det mål- og delmål, eller er det verkemidla?

Begrunnelse

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Som det kjem fram av den politiske plattforma til regjeringa, ønskjer vi å vidareføre samarbeidet med partane i arbeidslivet om ein ny IA-avtale. Eg meiner at IA-avtalen er viktig, noko som også kjem fram i intervjuet med NTB. Det er ei genuin interesse for å lukkast med dette viktige arbeidet hos alle dei tre partane i arbeidslivet. Ordbruken i overskrifta og ingressen til NTB er ikkje representativ for synet mitt på IA-arbeidet.
Det betyr likevel ikkje at IA-arbeidet ikkje kan verte betre.
Ingen av delmåla er nådd, sjølv om det er framgang knytt til delmåla 1 og 3. Det er også brei semje om at regimet for oppfølging av sjukefråver som vart innført i 2011 er for omfattande og byråkratisk. Regjeringa har invitert partane i arbeidslivet til forhandlingar om ein ny avtaleperiode, der måloppnåing, forenklingar og verkemiddel vil vere sentrale tema.