Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Dokument nr. 15:51 (2014-2015)

Innlevert: 14.10.2014
Sendt: 14.10.2014
Besvart: 20.10.2014 av ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Vidar Helgesen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Opnar regjeringa for å løyve EØS-midlar til Ukraina, Moldova og Georgia, og har regjeringa vurdert kva konsekvensane av ei slik løyving kan bli for norske interesser, spesielt ut i frå eit sikkerheitsperspektiv?

Begrunnelse

I innleiinga til EØS-avtala er det slått fast at EØS skal opprettast ”[…] på grunnlag av likhet og gjensidighet og en samlet balanse av fordeler, rettigheter og forpliktelser for avtalepartene.” Denne forventninga om gjensidige og jamnbyrdige fordeler av EØS-avtala var føresetnaden for at stortingsfleirtalet i 1992 på eiga hand, utan rådgjevande folkerøysting, melde Noreg inn i EØS-avtala. I disse dager er regjeringa i forhandlingar med EU om Noregs økonomiske bidrag til EU gjennom EØS-midlane. På regjeringas sider skriv ein at mange referer til EØS-midlane som ein kontingent, men at dette er misvisende, då Noreg ikkje betaler for å delta i den indre marknaden. Føremålet med EØS-midlane vert oppgitt å vere å utjamne sosiale og økonomiske ulikskapar i EØS-området, og å styrkje samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Det er ikkje utan grunn at ein er nøye med å understreke at Noreg ikkje betaler nokon kontingent, då dette ville kunne verke å vere i motstrid med prinsippet om at EØS-avtala skal være gjensidig. Ei kvar norsk regjering har eit klårt mandat om å forsvare norske interesser. Dette må medføre at ein ut i frå norske interesser forhandlar seg frem til eit best muleg resultat i forhandlingane med EU. Det betyr sjølvsagt at ein ikkje avtalar å betale meir i EØS-midlar enn naudsynt. Vel så viktig er at midlane vert løyvde til føremål som er i tråd med norske interesser. Fleire media har denne månaden skrive om at regjeringa no vurderer å bruke EØS-midlane på ein annan måte. Mellom anna kunne Aftenposten tysdag 7. oktober sitere NTB på at det no var aktuelt for regjeringa å bruke av pengene i ei austpakke for å støtte EU-tilpassinga i Ukraina, Georgia og Moldova. Avisa viste til at regjeringa prøvde å halde denne endringa i løyvinga av EØS-midlar hemmeleg, men blei kjent fordi eit referat frå eit møte i Stortingets Europautvalg ved ein feil ikkje var tilstrekkeleg sladda. Å løyve EØS-midlar til Ukraina, Moldova og Georgia vil vere i strid med det som regjeringa sjølv opplyser er føremålet med EØS-midlane, nemleg å utjamne sosiale og økonomiske ulikskapar i EØS-området.

Vidar Helgesen (H)

Svar

Vidar Helgesen: Dette spørsmålet er viktig, både fordi det tar opp et sentralt element i vårt samarbeid med Europa og fordi det gir meg en ny mulighet til å oppklare den misforståelsen som har oppstått. I Stortingets europautvalg mandag 13. oktober kom jeg inn på forhandlingene om nye EØS-midler. Jeg nevnte samtidig at vi nå også sonderer med EU og utvalgte EU-land om et mulig norsk bidrag til å understøtte EUs assosieringsavtaler med Ukraina, Georgia og Moldova. Et slikt bidrag vil ikke være en del av EØS-midlene, men separat og knyttet til EUs naboskapspolitikk. At disse landenes arbeid med assosieringsavtalene lykkes er også i Norges interesse. Samtidig forutsetter vi moderasjon i EUs krav når det gjelder forhandligene om nye EØS-midler.