Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:921 (2014-2015)

Innlevert: 29.04.2015
Sendt: 29.04.2015
Besvart: 06.05.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden leggja fram ei oversikt over utviklinga i andelen sysselsette personar med minst sju års butid i riket fordelt på landbakgrunn for perioden 2000-2014, der desse personane blir fordelt både med same landbakgrunn som i Dokument nr. 15:826 og på einskildland?

Begrunnelse

Eg viser til statsråden sitt svar på mitt skriftlege spørsmål vedkomande andelen registrerte sysselsette med minst sju års butid fordelt på landbakgrunn, i tillegg til fordeling av heiltid og deltid, jf. Dokument nr. 15:826 (2014-2015). Svaret inneheld ei fordeling av heiltids- og deltidstilsette personar med minst sju års butid i riket, men fordelinga viser ikkje andelen sysselsette personar for gruppene med ulik landbakgrunn, slik eg ønskte å få svar på.
Eg bed difor om at statsråden legg fram ei oversikt som viser utviklinga i andelen sysselsette personar med minst sju års butid i riket fordelt på landbakgrunn, slik at denne andelen viser sysselsette i pst. av personar med minst sju års butid med same landbakgrunn.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Vedlagt følgjer ei oversikt over sysselsetjingsdelar for innvandrarar med butid på sju år og meir, fordelt etter både enkeltland (ark 1) og ein åtte-delt landbakgrunn (ark 2).
Tala er henta ut frå SSB sin statistikkbank. Denne tidsserien går tilbake til 2008.