Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:984 (2014-2015)

Innlevert: 15.05.2015
Sendt: 15.05.2015
Besvart: 21.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kva er regjeringa sine mål for realisering av Nyborgtunnelen, inkludert finansiering, planlegging og utbygging, og blir det gjort ein fagleg vurdering i departementet om at denne skal vere eit OPS- prosjekt?

Begrunnelse

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I Meld. St. 26 (2013–2014) Nasjonal transportplan 2014–2023 som vart lagt fram av regjeringa Stoltenberg, er prosjektet E39 Nyborg – Klauvaneset prioritert med anleggsstart først mot slutten av tiårsperioden, jf. omtale på side 285 i meldinga. Prosjektet vil derfor vere gjenstand for ny vurdering i samband med den revisjonen av Nasjonal transportplan som no pågår.
Samferdselsdepartementet har bedt Statens vegvesen starte planlegging av tre nye prosjekt for gjennomføring som OPS-prosjekt, jf. mellom anna Prop. 1 S (2014–2015). Som det går fram av Meld. St. 25 (2014–2015) På rett vei – Reformer i veisektoren, legg regjeringa opp til at ytterlegare bruk av OPS skal vurderast i samband med revisjonen av Nasjonal transportplan. I den samanhengen meiner Samferdselsdepartementet at det er aktuelt å vurdere prosjekt på E39, både vegstrekningar og fjordkryssingar. Det er derfor for tidleg å seie om prosjektet E39 Nyborg – Klauvaneset er aktuelt for gjennomføring med OPS.
Kommunedelplanen for prosjektet vart vedtatt i 2001. I følgje Statens vegvesen pågår det no eit arbeid for å avklare om vidare planlegging skal leggje vedtatt alternativ til grunn eller om endra føresetnader gjer at andre alternativ er meir aktuelle. Bakgrunnen for dette er at Bergen kommune etter vedtak i bystyret 18. juni 2014 har bedt Statens vegvesen om å gjennomføre ei slik vurdering.