Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1054 (2015-2016)
Innlevert: 06.05.2016
Sendt: 09.05.2016
Besvart: 12.05.2016 av barne- og likestillingsminister Solveig Horne

Terje Breivik (V): Eg visar til forslaget Forbrukarombodet har oversendt Barne- og likestillingsdepartementet om nye reglar for marknadsføring av kredittkort og usikra gjeld, og spør korleis statsråden vil fylgje dette opp, og kva statsråden sitt syn er på ytterlegare regulering av marknadsføring av kreditt?
Gjeldsbyrda til norske hushald er nesten firedobla etter tusenårsskiftet. Denne gjeldsveksta vert problematisert både nasjonalt og internasjonalt, og interesseorganisasjonar som Forbrukarombodet engasjerer seg i tematikken. Problemet veks i takt med svakare inntekstauke for hushalda som fylgje av utfordringane i oljebransjen. Samtidig ser me stadige eksempel på svært pågåande marknadsføringskampanjar for å få hushalda til å auke låna endå meir, i form av kredittkortgjeld og forbrukslån. Kommunale gjeldsrådgjevarar trekk gjerne fram desse formane for gjeld som den viktigaste årsaka til at norske hushald får betalingsvanskar. I denne samanhengen har Barne- og likestillingsdepartementet mottatt eit forslag frå Forbrukarombodet til nye og skjerpa retningslinjer for marknadsføring av kredittkort og usikra gjeld.

Solveig Horne: Som statsråd for forbrukarsaker deler eg uroa di over gjeldsauken i dei norske hushalda. Eg har òg merka meg at stadig fleire får betalingsproblem av di dei har for høg forbruksgjeld, ofte i form av kjøpskredittar og kredittkort. Slik kreditt er lett tilgjengeleg, og marknadsføringa er tidvis pågåande. På denne bakgrunn er eg i ferd med å sjå nærare på moglege åtgjerder som kan motverke denne utviklinga. Lovverket på dette området er i høg grad basert på EU-direktiv, og vi står ikkje fritt til å innføre eigne reglar om dette. Difor har eg satt i verk eit utgreiingsarbeid for å få klårlagt kva for handlingsrom nasjonale myndigheiter har på feltet. Utgreiinga skal etter planen vere ferdig før sommaren i år. Eg vil deretter vurdere om det bør innførast ei strengare regulering av kredittmarknadsføringa enn det vi har i dag.