Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:339 (2016-2017)
Innlevert: 02.12.2016
Sendt: 05.12.2016
Besvart: 12.12.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp): Korleis har talet på obduserte dyr og prisane for obduksjon av dyr endra seg dei seinare åra?
I samband med handsaming av Dokument 8:132 S (2014-2015) gjorde stortinget fylgjande vedtak:
«Stortinget ber regjeringen sørge for at egenandelene ved obduserte dyr har et nivå som sikrer det antall obduksjoner som trengs for å ivareta og styrke kunnskapen om dyrehelse.»

Jon Georg Dale: Eg har frå Veterinærinstituttet motteke oversikt over tal på obduserte dyr der innsendaren betaler for obduksjonen, og over prisar for obduksjon for perioden 1.1.2014 - 7.12.2016. Desse oversiktene følgjer vedlagt.
Som det går fram av siste tabell, så har Veterinærinstituttet frå og med 1.1.2016 halvert prisen på obduksjonar av produksjonsdyr utført ved laboratoriet i Tromsø.
Når det gjeld talet på obduserte dyr, så viser den fyrste tabellen at det er ein monaleg auke frå 2014 og 2015 til 2016 i talet på obduksjonar der innsendaren betaler, ved laboratoriet i Tromsø. Auken er ikkje tilsvarande i det samla talet på obduksjonar fordi eit forskingsprosjekt vart avslutta i 2015. Dei fleste prøvane kjem framleis frå område relativt nært Tromsø.
Vedlegg til svar: