Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:952 (2016-2017)

Innlevert: 06.04.2017
Sendt: 06.04.2017
Besvart: 18.04.2017 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva gjer regjeringa for å bidra til at drap og forfølging av homofile i Tsjetsjenia opphøyrer øyeblikkeleg?

Begrunnelse

Media rapporterer om at LHBT-personar flyktar for sine liv i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia. Det vert rapportert om bestialske mord, massearrestasjonar, tortur og at homofile vert begravd levande. Den norske regjeringa må øyeblikkeleg bruke alle tilgjengelege arenaer for å påverke Russland og Tsjetsjenia til å stanse desse overgrepa. Noreg kan bidra til at desse uakseptable handlingane opphøyrer, og det er difor av stor interesse å få vite kva strakstiltak regjeringa vil setje i verk i samarbeid med andre land, EU og Europarådet. Det er også viktig å få stadfesta at norske styresmakter tek opp spørsmålet bilateralt på toppnivå, og kva støtte Noreg vil gje for å gjere sivilsamfunn betre i stand til å motverke disse kreftene.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Regjeringa er uroa over rapportane som skildrar arrestasjonar, mishandling og drap av personar som vert haldne for å vere homofile i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia. Vi veit frå før at LHBTI-personar har ei utsett stilling i Russland, og at rettsvernet deira er innskrenka.
Det er viktig at dette blir grundig granska. Regjeringa vil bruke bilaterale kanalar og multilaterale forum til å oppmode russiske styresmakter om å granske påstandane og setje i verk naudsynte tiltak for å følge opp sine menneskerettslege forpliktingar. Noreg har alt slutta seg til EU si fråsegn i OSSE-rådet i denne saka. Det er positivt at leiaren for det russiske presidentrådet for sivilt samfunn og menneskerettar, Mikhail Fedotov, òg har teke til orde for ei slik gransking.
Noreg sin ambassade i Moskva følgjer denne saka tett. Noreg støttar òg opp om aktørar som arbeider aktivt for dei seksuelle minoritetane som er råka i denne saka.
Regjeringa si tilskotsordning for prosjekt i Nord-Kaukasus har som mål å støtte demokratisk utvikling, etterleving av internasjonale menneskerettar og eit styrkt sivilsamfunn i regionen. Vi prioriterer tiltak som skal motverke straffridom og styrkje rettstryggleiken i samband med menneskerettsbrot i regionen.