Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1320 (2016-2017)

Innlevert: 19.06.2017
Sendt: 19.06.2017
Besvart: 29.06.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva for konkrete initiativ har regjeringa sett i verk for å sikre at ungdom fekk oppfylt sine garantiar i Nav i perioden 2014 til 2017?

Begrunnelse

Viser til svar på spørsmål nr. 1095 og kan ikkje sjå at statsråden svarar på spørsmålet om kva for initiativ som har blitt sett i verk.

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Regjeringa har heile tida prioritert unge høgt i arbeidsmarknadspolitikken. Dette kjem til syne både ved at ungdom er ei prioritert gruppe i Arbeids- og velferdsetaten sitt ordinære arbeid, og ved prioritering av unge i eigne satsingar. Unge under 30 år er mellom anna prioritert ved arbeidsretta oppfølging og tiltak, og er prioritert målgruppe i Jobbstrategien for personar med nedsett funksjonsevne og i arbeidet med delmål 2 i IA-avtalen.
Ein ny ungdomsinnsats skal frå 2017 gi eit styrka arbeidsretta tilbod til arbeidssøkarar under 30 år som etter å ha vore ledige i åtte veker står utan tilbod om arbeid, utdanning eller annan aktivitet. Satstinga gjeld for heile landet, men blir først sett i verk på Sør- og Vestlandet. Det blei løyva 30 mill. kroner til ungdomsinnsatsen i budsjett for 2017. Regjeringa foreslår i RNB at løyvinga til ungdomsinnsatsen vil bli styrka med ytterligare 32,5 mill. kroner.
NAV-kontora har fokus på unge brukarar og jobbar generelt godt med målgruppa. Det er etablert tverrfaglege ungdomsteam ved dei fleste store NAV-kontor. Dei kontora som ikkje har ungdomsteam har dedikerte rettleiarar som jobbar aktivt med målgruppa. Statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at ungdom får tettare oppfølging og i høgre grad deltek på tiltak enn andre aldersgrupper.
Mange unge som står utanfor utdanning og arbeid har samansette utfordringar som krev eit godt samarbeid mellom ulike tenesteytarar. NAV-kontora samarbeidar difor tett med andre aktørar, mellom anna skule og oppfølgingsteneste i fylkeskommunen, for å sikre at unge får god oppfølging med sikte på å komme tilbake i opplæring eller i arbeid. Forsøket med NAV-rettleiarar i vidaregåande skule er eit godt eksempel på slikt samarbeid. I 2015 blei det etablert pilotar i alle fylka i landet.
Regjeringa har gjort mykje for å bidra til at ungdom som står utanfor utdanning og arbeidsliv skal få god og hensiktsmessig oppfølging. Det viktigaste er at ungdom ikkje blir ståande lenge utanfor, men kjem i arbeid, utdanning eller annan aktivitet. Regjeringa har innført aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar for å sikre at unge raskt kjem i aktivitet. Gapet mellom ungdomsrett og vaksenrett til vidaregåande opplæring er også tetta att, nettopp for å styrke unge vaksne sin moglegheit til å kvalifisere seg for jobb.
Som eg peika på i svaret mitt på førre spørsmål frå representanten, viser Fafo sin gjennomgang at garantiane i seg sjølve ikkje ga eit bidrag av betyding når det gjeld å sikre god og hensiktsmessig oppfølging for ungdom. Det er heilskapen i det arbeidet som gjerast for målgruppa, som er avgjerande, ikkje garantiar som fokuserer på kvantitet og målbarheit av NAV-kontora sitt arbeid med dei. Dette er noko av bakgrunnen for at vi valde å erstatte garantiordningane med ein ny ungdomsinnsats. Innsatsen inneber ein tydelegare og eintydig prioritering av unge, og skal gje utsette unge tidleg innsats og individuelt tilpassa oppfølging.