Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:128 (2018-2019)

Innlevert: 12.10.2018
Sendt: 12.10.2018
Besvart: 19.10.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva er regjeringa si definisjon av sjøfolk?

Begrunnelse

Torbjørn Røe Isaksen (H)

Svar

Torbjørn Røe Isaksen: Etter skipsarbeidslova vil arbeidstakarar som har arbeidet sitt om bord på (norske) skip vere å rekne som sjøfolk. Tilsvarande er dette den etablerte internasjonale definisjonen i ILO-konvensjon nr. 186 om sjøfolka sine arbeids- og levevilkår (Maritime Labour Convention), der "sjømann betyr enhver som er ansatt eller engasjert eller arbeider i enhver egenskap om bord på et skip som omfattes av denne konvensjonen". Noreg har ratifisert denne konvensjonen som blei sett i kraft 20. august 2013. For praktiske føremål vil dette vere ei dekkande omtale av sjøfolk, sjølv om det sikkert er nokre nyansar i regelverket som kunne blitt omtala nærare.
Regjeringa har, i samarbeid med SSB, skaffa tal med oversikt over utviklinga når det gjeld norske sjøfolk dei siste åra. I desse tala inngår dei meir tradisjonelle maritime yrka innan dekk og maskin, men også tilsette i forpleiing, som er ein viktig del av besetninga på passasjerskip, og anna mannskap som har arbeid i tilknyting til ulike næringsaktivitetar som blir utførte frå skip. I dette arbeidet har vi dialog med næringa der vi går gjennom alle dei ulike stillingstypane som finst på norske skip.