Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren
Dokument nr. 15:722 (2018-2019)
Innlevert: 11.01.2019
Sendt: 14.01.2019
Besvart: 21.01.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Spørsmål
Siv Mossleth (Sp): Hva er status og plan for videre framdrift for bygging av ny godsterminal på Torgård?
Begrunnelse

Svar
Jon Georg Dale: Regjeringa tek sikte på å lokalisere logistikknutepunktet for Trondheimsregionen til Torgård. Dette går fram av Meld. St. 33 Nasjonal transportplan (2018 - 2029). På oppdrag frå Samferdselsdepartementet arbeider Jernbanedirektoratet med ei tilleggsutgreiing knytt til godsterminalen på Torgård. Tilleggsutgreiinga ser på ei nedskalert løysing for terminalen samt ein fornya samfunnsøkonomisk analyse. Med ei nedskalert løysing meiner ein ein terminal på Torgård utan tunnel gjennom Vassfjellet. Alle godstoga må då køyre via Heimdal stasjon.
Arbeidet er heilt i sluttfasen og vert oversendt Samferdselsdepartementet tidleg i 2019. Deretter vil Samferdselsdepartementet syte for ei ekstern kvalitetssikring av utgreiinga.