Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:969 (2018-2019)
Innlevert: 13.02.2019
Sendt: 14.02.2019
Besvart: 20.02.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp): Kor i prop. 2 S (2017-2018) blir plass til alliert øving nytta som argument for felles rekruttskule for Hæren?
Viser til forsvarsministeren si uttale i Aftenposten 13.02.19 kor han seier at regjeringa tek rekruttskulane ut av dei operative bataljonane, slik at norske strykar kan få plass til å øve meir med allierte.

Frank Bakke-Jensen: Gjennom Prop. 2 S (2017–2018) anbefalte regjeringa fleire grep for å auka den operative evna til Hæren. Lengre førstegongsteneste, eigne utdanningsavdelingar for vernepliktige soldatar og ein aktiv reserve er døme på slike tiltak. I tillegg vil det verta oppretta heilt nye avdelingar som skal bemannast, til dømes ein ny bataljon i Porsanger og eit jegerkompani ved Garnisonen i Sør-Varanger. Omlegging av 2. bataljon til ei mekanisert avdeling basert på mobiliseringsdisponert personell må sjåast i samanheng med desse tiltaka.
Regjeringa prioriterer øving, trening og operativt samarbeid med utvalde allierte og partnerar som vil være aktuelle i forsterkingsføremål. Å skilja rekrutt- og fagutdanninga frå dei operative bataljonane medfør at bataljonane får meir tid til trening og øving på militære operasjonar i avdelingsforband, mellom anna med allierte styrkar. Tiltaket gjev såleis bataljonane meir rom for øving med allierte, men er ikkje meint å dekka dei alliertes EBA-behov. Å leggja hovedtyngda av rekruttutdanninga til Skjold baserer seg på høva for å utnytta ledig EBA-kapasitet, nærleik til dei operative avdelingane i Troms og regjeringa si prioritering av nordområda. Det er ikkje ledig kapasitet på Skjold til ein vesentleg auke i mengd soldatar, det være seg allierte soldatar eller ein høgare oppsettingsgrad i 2. bataljon, utan å byggja meir forlegning når ordninga med rekruttskole er etablert.