Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2248 (2018-2019)
Innlevert: 04.09.2019
Sendt: 04.09.2019
Besvart: 11.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sverre Myrli (A): Eidsvoll Verk stasjon på Gardermobanen har hatt stor passasjervekst. Mange reisende melder nå at det er mangel på parkeringsplasser ved stasjonen. Særlig er dette problematisk for pendlere som er avhengig av å kunne parkere for å ta toget til jobb.
Hvilke planer finnes for bygging av flere parkeringsplasser ved Eidsvoll Verk stasjon?

Jon Georg Dale: Bane NOR er kjent med at det ofte er fullt på parkeringsområdet ved Eidsvoll Verk stasjon. Føretaket skal difor gjennomføra eit oppgraderingsprosjekt for å utnytta p-området maksimalt. Planen er å auka parkeringstilbodet med 39 nye parkeringsplassar, dvs. ein auke på 17 prosent i høve til kapasiteten i dag. 39 nye plassar er det føretaket klarar å pressa inn på dagens parkeringsplass ved mellom anna å fjerna grøntareal og kantsteinar.
Bane NOR har ikkje vurdert å bygga over spor eller kjøpa areal i denne omgangen. Utvidingsmoglegheiter er avgrensa av arealkonflikt. Kommunen ønskjer ei tettstadsutvikling ved stasjonen, utviding av parkering kjem i konflikt med dette, og ikkje minst bruken i dag; jordbruk. Det er altså eit behov, men ikkje tilgjengelege areal. Bane NOR prøver difor å optimalisere innanfor tilgjengeleg areal og prising for å målrette tilbodet mot dei som treng det mest. Bane NOR vurderer også fleire plassar til dagparkering i staden for månadsprising for å leggja til rette for ein dag til dag-vurdering av behov for bil.