Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1232 (2019-2020)

Innlevert: 13.03.2020
Sendt: 13.03.2020
Besvart: 20.03.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva vil ein gjere no og korleis vil ein handtere situasjonen når F-35 og P-8 også er lokalisert her og skal operere innafor same utsleppsløyve?

Begrunnelse

Ein kunne 11.03.2020 lese i Fremover at Avinor på Harstad/Narvik lufthavn Evenes, har vore nøydd til å sende brev til Fylkesmannen i Nordland om at dei har overskride utsleppsløyvet for kjemikaliar til baneavising på Evenes i vinter. I følgje lufthamnsjef Anne Britt Bekken er grunngjevinga for overskridinga at:

«merforbruket skyldes en utfordrende vinter, samt at det pågår testing for å kutte bruken av sand på områder der Forsvarets nye kampfly F-35 skal operere.»

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg har lagt spørsmålet fram for Avinor. Avinor viser til at dagens utsleppsløyve for Harstad/Narvik lufthamn, Evenes, som skriv seg frå januar 2019, er tilpassa den sivile aktiviteten på lufthamna. Avinor føreset at endringar på Evenes som følgje av Forsvarets krav, fører til at Avinor må søkje om å få revidert utsleppsløyvet. Fylkesmannen i Nordland, som er forureiningsstyresmakt for lufthamna, vil setje vilkåra for den framtidige drifta.
Kva Avinor må søkje om når det gjeld kjemikalieforbruk, er avhengig av det framtidige driftskonseptet, som igjen avheng av kva for krav Luftforsvaret kjem til å stille. Forsvarsbygg har i sine utgreiingar føresett ein liten auke i bruken av baneavisingskjemikaliar, men innanfor den naturlege tålegrensa til miljøet rundt lufthamna.
Det har sidan 2017 vore dialog mellom Avinor og Forsvarsbygg om framtidige løysningar på Evenes. Når Forsvaret har etablert seg på Evenes, skal meir mekanisk fjerning av snø og is frå rulle- og taksebanene kompensere for Forsvarets krav om redusert bruk av sand og avgrense kjemikalebruken. Det er forventa at dette vil krevje meir maskinelt utstyr og mannskap for Avinor. Detaljer rundt det nye vinterdriftskonseptet vil bli konkretisert fram mot sommaren 2020. Avinor vil søkje om eit revidert utsleppsløyve når alle nødvendige avklaringar er på plass.
Avinor viser elles til at det har vore auka forbruk av kjemikaliar i vinter. Hovudårsaka til dette er utfordrande vêrtilhøve denne sesongen. Dette er noko som vil variere frå år til år, også i framtida.