Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1349 (2019-2020)

Innlevert: 16.04.2020
Sendt: 17.04.2020
Besvart: 23.04.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva grep vil statsråden ta for å syte for framdrift i prosjektet E39 frå Hove og vidare sørover mot Lyngdal?

Begrunnelse

Strekket Hove-Ålgård burde for lengst ha vore under utbygging i tråd med vedtekne planer. For strekninga fram til Bråstein ligg det føre godkjende planar og vidare er det berre omkampar internt i regjering/direktorat som gjer at det ikkje ligg føre planer. For strekket frå Ålgård og sørover sette regjeringa Solberg i gang statleg plan for å ha raskare framdrift. Ettertida har vel synt at det var ein særs lite vellukka strategi.
No ber ein lokalt om å få ei avklaring. I tillegg vil bygging av vegen gje arbeid i ein region som truleg vert hardt råka av nedgongen i økonomi og oljepris.
Det er og av trafikkomsyn og trafikktryggleik naudsynt med ny veg. Det vil vera rom for å velja ein vegstandard som både gjer 4 felt og samstundes tek meir vare på matjord og bygdesamfunn enn det den høgaste vegklassen gjer. Ei slik løysing vil truleg og gje mindre bompengar.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Strekninga E39 Hove - Ålgård

Prosjektet omfattar ein 13 km lang 4-feltsveg frå Bollestad sør for Ålgård til Hove i Sandnes.
For store delar av strekninga ligg det no føre godkjente reguleringsplanar med unnatak av ei delstrekning mellom Figgjo og Bråstein, der reguleringsplanforslag blir sluttbehandla og forventa godkjent i Sandnes kommune i juni i år. Reguleringsplanarbeidet er utført i nært samarbeid med berørte kommunar, sektoretatar og berørte grunneigarar. Prosjektet har eit kostnadsoverslag på ca. 3,5 mrd. kr etter at ein gjennom planarbeida har redusert prosjektkostnaden. Dette har auka samfunnsnytten av prosjektet. Prosjektet er ein del av bypakken/byvekstavtalen på Nord-Jæren, men er ikkje høgt prioritert i forslaget til ny byvekstavtale som blei behandla lokalt i 2019.
Eg vil kome tilbake til ei eventuell prioritering av prosjektet ved framlegg for Stortinget av NTP 2022 - 2033.

Strekninga E39 Ålgård - Lyngdal

Statens vegvesen gjennomfører statleg kommunedelplan etter plan- og bygningslova for strekninga E39 Lyngdal vest - Ålgård. Planen omfattar 95 km ny veg gjennom 2 fylke og 12 kommunar. Korridorane for strekninga er utgreidde. Vegen blir planlagd for med fire felt for 110 km/t, og har ein utbyggingskostnad på ca. 30 mrd. kr. Det er store jord- og landbruksinteresser i planområdet, og det er ulike nasjonale, regionale og lokale interesser knytte til ytre og indre korridorar.
Planen skal sikre korridor for ein trafikksikker veg med god framkomst. Planarbeidet er gjennomført av Statens vegvesen i samarbeid med Nye Veier AS. Nye Veier overtek ansvaret etter vedtak av kommunedelplanen. Planarbeidet er gjennomført med medverknad frå kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn med fleire. Det er i planprosessen gjennomført fleire avklaringar, til dømes når det gjeld vegstandard, planlagd fartsgrense og siling av korridorar. I fleire av desse sakene har det vore behov for avklaringar med departementa undervegs, og statleg plan har gjort dette enklare.
For ein plan med ei slik utstrekning, gjennom 12 kommunar og 2 fylke, ville det vore svært vanskeleg å gjennomføre kommunedelplanlegging med 12 kommunar som planstyresmakt. Kommunane blei i samband med planoppstart spurd om synet sitt på statleg plan. Alle kommunar var positive.