Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2367 (2019-2020)

Innlevert: 21.08.2020
Sendt: 24.08.2020
Besvart: 01.09.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): I følge avisa Klassekampen har det de siste 15 årene vært begått 3528 lovbrudd fra oljeselskapene. Det er snakk om 404 større kjemikalieutslipp og 88 større oljeutslipp. 10 av lovbruddene er ifølge avisen anmeldt av myndighetene.
I hvor mange av utslippstillatelsene som er brutt, har myndighetene etter bruddene, endret tillatelsene og gitt lov til større utslipp?

Begrunnelse

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg har førelagt spørsmålet for Miljødirektoratet. Miljødirektoratet opplyser at dei ikkje har statistikk over talet på endringar av løyve etter brot på vilkår, slik det her er bedt om. Informasjonen finnast i enkeltdokument som det vil ta betydeleg tid å stille saman, noko som ikkje har vore mogleg gitt fristen for å svare på dette spørsmålet. Eg vil likevel beskriva korleis slike tilfelle blir handterte for å gi eit bilde av saka. Eg har også fått opplyst at Miljødirektoratet planlegg å endra rapporteringskrava, slik at desse brota lettare kan samanstillast i framtida.
Dei ulovlege utsleppa frå petroleumsverksemda til havs dei seinare åra skuldast i dei aller fleste tilfella uhellshendingar. At det har skjett eit utilsikta utslepp på grunn av menneskeleg feil, utstyrssvikt, prosedyrefeil o.l. medfører at utsleppet normalt ikkje vil vare. Slike utslepp vil då vera eit avvik som blir rapportert, avviksbehandlast og rettast opp. Det er ikkje aktuelt å søkje om endring i løyve i desse tilfella.
I dei tilfella Miljødirektoratet får søknader om endring av løyve, gjeld dette i hovudsak endring i tillate utslepp frå produksjon på grunn av endringar i produksjonsforholda. Til dømes kan auka mengder produsert vatn eller at nye brønnar settast i produksjon gi problem i vassreinseanlegget og gi behov for større mengder eller andre typar kjemikaliar. Som det går fram av forureiningslova, skal Miljødirektoratet då vurdere om fordelane den som forureinar eller andre får av at vilkår blir lempa på eller oppheva, er vesentleg større enn dei skadane eller ulempene det vil føre til for miljøet. Miljødirektoratet vurderer mellom anna om kravet kan møtast ved å innføra tiltak som ikkje har urimelege kostnader målt opp mot nytten som kan oppnåast, eller om det i staden er grunn til å gi særskilt unntak frå kravet eller endra løyve etter forureiningslova. Miljødirektoratet vurderer vidare om unntaket eller endringa skal vera mellombels, og vil ofte krevja jamlege vurderingar av om ny teknologi eller andre nye forhold gjer det mogleg å møta kravet.
Det finst eit fåtal eksempel på lekkasjar frå verksemda som har vist seg utfordrande å stanse umiddelbart. Utstyr som må skiftast ut kan ha lang bestillingstid og reparasjonar kan krevja eigne fartøy som også har bestillingstid. Reparasjonar kan òg vera ver-avhengige. Operatørane skal i slike tilfelle gjera ei vurdering av om det er forsvarleg å halda oppe produksjonen eller aktiviteten med ein vedvarande lekkasje, og må i så fall søkje om auka utslepp i den perioden det gjeld. Miljødirektoratet må då gjere den same vurderinga etter forureiningslova som nemnd ovanfor.
Eg vil understreke at ulovlege utslepp uansett aldri vil bli lovleggjort i etterkant. Desse blir følgde opp av Miljødirektoratet, der reaksjonane avheng av kor alvorlege utsleppa er.
Til slutt vil eg gjenta at alle ulovlege utslepp frå petroleumsverksemda er uønskte og bør unngåast. Regjeringa planlegg gjennom meldinga (Meld. St. 19 (2019–2020) Miljøkriminalitet) som er lagt fram for Stortinget å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet nasjonalt og internasjonalt. Det gjeld også miljøkriminaliteten i petroleumsverksemda.