Skriftlig spørsmål fra Tellef Inge Mørland (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:427 (2020-2021)
Innlevert: 12.11.2020
Sendt: 13.11.2020
Besvart: 18.11.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Tellef Inge Mørland (A)

Spørsmål

Tellef Inge Mørland (A): Når kan ein vente at ekspressbussnæringa vil få utbetalt den varsla koronastøtta, og korleis vil regjeringa fylgje opp denne næringa framover, no som ein igjen har innført strengare koronatiltak?

Begrunnelse

Ekspressbussane er ein viktig del av infrastrukturen vår. Under tittelen «Byråkratisk sommel knekker politisk velvilje» i Nationen 8. november, skriv leiinga i Konkurrenten.no at dei framleis ikkje har fått utbetalt nokon koronakompensasjon. Dei er heller ikkje kjende med at andre ekspressbusselskap har fått dette.
Allereie 29. mai vart det tatt initiativ til ei støtteordning som skulle gjelde i perioden frå juni til august for ekspressbussbransjen. Vedtak vart fatta i Stortinget og pengar løyvd til ordninga.
No i november melder aktørar i bransjen at dei framleis ikkje har fått utbetalt støtta, og for Konkurrenten.no sin del står i verste fall 60 arbeidsplassar i fare. Dette er ei viktig distriktsbedrift lokalisert i Evje og Hornnes kommune.
Det synest underleg at det har tatt så lang tid å få utbetalt ei slik støtte, som det har vore brei politisk semje om. No som nye koronatiltak igjen medfører aukte restriksjonar på reiser, må ein kunne forvente at dette nok ein gong vil skape store utfordringar for denne næringa.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Diverre har sakshandsaminga teke lengre tid enn eg hadde ønskt. Grunnen til det er at enkelte bestemmingar i forskrifta som regulerer tilskotsordninga, har gjort det uklart kven som kjem inn under ordninga, og dette har kravd meirarbeid undervegs. Nokon gonger kan det vere vanskeleg å føreseie alle konsekvensane, særleg før me har sett søknadane. Då ordninga vart etablert, hadde ikkje departementet detaljert kunnskap om dei einskilde rutene, og det har dukka opp problemstillingar som har teke tid å avklare. Særleg er dette knytta til ulike avtalar dei kommersielle ruteselskapa har med fylkeskommunane. Desse problema blir no løyst, slik at søknadene kan bli ferdig handsama og midlar bli utbetalt.
Tilskotsordninga vart i tråd med regelverket notifisert til ESA i sommar, men endringar i ordninga må og notifiserast. Denne saka ligg til handsaming i ESA no, og Jernbanedirektoratet vil kunne handsame søknadane når me har fått godkjenning, og me formelt har endra forskrifta der ordninga er heimla.
Når det gjeld oppfølging av næringa framover, vil me utvide denne tilskotsordninga til å gjelde ut juni 2021. Regjeringa har og føreslått nye 100 mill. kr til dette føremålet i forslaget til statsbudsjett for 2021.