Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3015 (2020-2021)

Innlevert: 30.09.2021
Sendt: 30.09.2021
Besvart: 06.10.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil planmidlar for strekningen Kyrkjenes-Bjotveit, kr. 15 millionar, bli overført til Nye Veier AS som øyremerkt til planarbeid for strekningen?

Begrunnelse

Samferdsleministeren har den 10. mai i år svart på skrifteleg spørsmål frå underteikna at han legg til grunn at planmidlane vert brukt i tråd med Stortinget sin intensjon.
Statens vegvesen og Nye Veier AS skal no avklare overføring av ansvaret for strekningen Skare-Sogndal, herunder ansvaret for planarbeidet. Statens vegvesen har ikkje nytta planmidlane, og vil no omdisponere midlane til kortsiktige tiltak på strekningen Kyrkjenes-Bjotveit.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Eg viser til at regjeringa i samband med framlegginga av Meld. St. 20 (2021-2021) Nasjonal transportplan 2022-2033 føreslo at fleire riksvegar vert overførte frå Statens vegvesen til Nye Vegar AS. Rv. 13 Skare – Sogndal, som strekninga Kyrkjenes – Bjotveit er ein del av, vart overført ved avtale mellom Samferdselsdepartementet og Nye Vegar AS 21. september 2021. Utvidinga av Nye Vegar AS si portefølje er i samsvar med dei føringane som går fram av Nasjonal transportplan 2022-2033.
Eg legg til grunn at Nye Vegar AS vil nytte dei midlane som er naudsynte i samband med planlegginga av dei strekningane selskapet er tildelt, irekna Rv. 13 Skare – Sogndal. Midlane som vart løyva i 2021 vil difor bli omdisponert til andre naudsynte føremål innanfor Statens vegvesens ansvarsområde.