Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:747 (2021-2022)
Innlevert: 20.12.2021
Sendt: 21.12.2021
Besvart: 03.01.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H): Kvinnheradspakken har av regjeringa blitt varsla skal kome innan desember månad, men vi kan enno ikkje sjå at den er fremma for Stortinget.
Kva er grunnen til forseinkinga, og når vil Stortinget motta proposisjonen for handsaming?
For å få god framdrift på dei prosjekta som krev stortingshandsaming gjennom proposisjonar, er et viktig at alle ledd i ei slik handsaming fyljer opp og held dei oppgjevne tidsfristar. Samstundes er det viktig med god dialog og opne prosessar dersom det viser seg at ein av ukjende årsaker treng meir tid enn det som innleiingsvis er førespegla. Dette føljer av god forvaltningsskikk. Kvinnheradspakken har i lang tid vore meldt skal kome i desember – ber om ein status som indikerer kva tid ein kan forvente at proposisjonen vert førelagt stortinget.

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til mitt brev til Stortinget om saka den 30. november 2021. Det har vist seg at det er behov for nokre fleire avklaringar i forbindelse med denne bompengeproposisjonen og at den derfor dessverre ikkje vil vere klar til å leggast fram i desember 2021. Eg venter no at ein proposisjon om Kvinnheradpakken kan fremmast i mars 2022.