Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren
Dokument nr. 15:1954 (2021-2022)
Innlevert: 01.05.2022
Sendt: 02.05.2022
Besvart: 11.05.2022 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Spørsmål
Helge André Njåstad (FrP): Kva endringar har blitt gjort for å ha meir lokalt sjølvstyre i strandsonepolitikken?
Begrunnelse
Den nye kommunalministeren har skapt stor debatt med sitt utspel om meir lokal sjølvstyre i strandsonen. Utover sitatet i avisa er det få spor etter konkrete endringar som skal gjera det betre for kommunane.

Svar
Sigbjørn Gjelsvik: Dei statlege planretningslinjene for strandsona, som nyleg er revidert, skal gi rom for ei lokal tilpassing. Likevel kjem det innspel frå kommunar, og frå folk som bur i distrikta og driv næringsverksemd, om ei streng praktisering. Hurdalsplattformen er tydeleg på at regjeringa vil ha ei meir differensiert forvaltning av strandsona, med større høve for næringsutvikling og busetjing i spreidd bygde strok. Det handlingsrommet er det viktig at kommunane nyttar i sine arealplanar, og at statlege etatar legg til grunn for sin praksis når det gjeld statleg motsegn.
Eg syner for øvrig til mitt svar til representanten Njåstad på spørsmål nr. 1862.