Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2253 (2021-2022)

Innlevert: 02.06.2022
Sendt: 07.06.2022
Besvart: 16.06.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan Møre og Romsdal fylkeskommune starte opp bompengeinnkrevinga på Fv 659 Nordøyvegen etter tidligare vedteken bompengeproposisjon 140S, eller er det gjeldande vedtak i Prop.93S og takstgrunnlaget der som må gjennomførast ved opninga av Nordøyvegen hausten 2022?

Begrunnelse

Viser til behandlinga av Prop. 93S finansiering av prosjekt FV659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Det har i ettertid av behandlinga av denne proppen, kome påstandar frå SP i Møre og Romsdal som hevdar at det er mulig å starte bompengeinnkrevinga på Nordøyvegprosjektet med tidligare vedteke bompengeproposisjon. Dette er Prop. 140 S (2016-2017).
Eg har oppfatta systemet ikring slike saker at ein vedteken bompengeproposisjon er grunnlaget for opptak av bompengelån og at vedtekne bompengetakstar vert sett i gang ved opning av vegsambandet.
Eg har også oppfatta systemet ikring dette slik, at dersom Møre og Romsdal fylkeskommune vil nytte ekstrainntekter frå eventuelt endra ferjeavløysingsmidlar eller frå overskot i drifta til å kutte bompengetakstane, må fylkeskommunen søkje regjeringa om endring av vedteken og gjeldande bompengeproposisjon.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Prop. 93 S (2021–2022) set Prop. 140 S (2016–2017) til side. Det er Prop. 93 S (2021– 2022) som no gjeld for fv. 659 Nordøyvegen. Ved opninga av Nordøyvegen hausten 2022 skal derfor bompengeinnkrevjinga starte opp etter Prop. 93 S (2021–2022).
Eg er kjent med at det frå lokalt hald vurderast om reduserte kostnadar i prosjektet Nordøyvegen kan nyttast til å redusere bompengetakstane. I henhold til Prop. 93 S (2021–2022) skal kostnadsfordelinga mellom bompengar og fylkeskommunale midlar følgje angitt prosentfordeling, men dersom fylkeskommunen ynskjer å nytte sin del av innsparinga til å redusere bompengeselskapet si gjeld med påfølgjande lågare bompengetakstar, har eg ikkje merknader til det.