Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2711 (2021-2022)

Innlevert: 24.08.2022
Sendt: 25.08.2022
Besvart: 01.09.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er status for arbeidet med oppheving av brukthandellova?

Begrunnelse

I 2019 gjennomførte regjeringa Solberg ei høyring med forslag om å oppheve brukthandellova. Bakgrunnen var at lova må mange måtar framstår utdatert i lys av utviklinga med digitale marknadsplassar for omsetjing av brukte varer, samt at den pålegg næringsdrivande unødvendige byrder. Eit døme på det siste kan ein lese om i Bergensavisen 23. august, der ein gjenbruksbutikk for barnekle har måtte stenge på bakgrunn av kravet om at varer må ligge på lager i to veker før dei kan omsetjast.
I dokument nr. 15:1930 (2020-2021) svarar dåverande næringsminister Iselin Nybø dåverande stortingsrepresentant Tore Storehaug at departementet sitt arbeid med brukthandellova var satt på vent på grunn av omprioritering av ressursar i samband med koronakrisa. Det ville vore nyttig om statsråden kan greie ut for om arbeidet er i gang igjen, og korleis han vurderer behovet for å oppretthalde ei eiga brukthandellov.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Takk for spørsmålet. Regjeringa er oppteke av at økonomien må innrettast til å bli meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Handel med brukte gjenstandar har endra seg stort dei siste åra, og eg meiner at brukthandellova ikkje er spesielt godt tilpassa samfunnet i dag. Samtidig er det viktig å ikkje gløyme at formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette politiets arbeid med å oppspore slike gjenstandar. Sal av brukte varer med høg verdi har også økt risiko for heleri.
Departementet har over tid arbeidd med å revidere regelverket. De juridiske ressursane i departementet måtte midlertidig omprioriterast våren 2020 som følgje av koronapandemien. Vi arbeider med saka, og eg tar sikte på å presentere eit forslag som aktivt fremmer sirkulærøkonomien.
Vi skal ta med oss høyringssvara frå 2019, samt hente inn ny og oppdatert kunnskap. Eg har møtt fleire aktørar i bransjen og har dialog med miljøvernorganisasjonar og andre. Det er ennå for tidleg å angi når vi ventar å kunne leggje fram eit forslag for Stortinget.