Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:190 (2022-2023)

Innlevert: 21.10.2022
Sendt: 21.10.2022
Besvart: 27.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Statsråden har tidlegare understreka at endringar i bruksfordel for elbil, som reduksjon i bomsatsar, berre blir vurdert for byområda. I Prop. 1 S ser det likevel ut til at det er opning for å fråvike regelen om inntil 50 % av ordinær takst for elbil i alle bomprosjekt.
Kan statsråden stadfeste, eventuelt avkrefte, at regjeringa no opnar for at elbilar skal kunne betale inntil 70 % av ordinær takst i alle bomsnitt både i og utanfor byområda, og gjere greie for kvifor han no eventuelt har endra syn i denne saka?

Begrunnelse

Statens vegvesen har anbefalt å heve dagens maksimal bomtakst for elbilar frå 50 til 70 prosent av taksten for fossile personbilar i byane, og innføre lik bomtakst for elbilar og fossile bilar frå 2025. I Statens vegvesen si utgreiing er det tydeleg at vurderingane og forslaget deira berre gjeld for byområda.
I stortingssalen 15. juni, understreka statsråden både i eige innlegg og i replikkordskiftet, at endringa skulle gjelde i byområda.
Frå statsrådens innlegg:

«Vi har også bedt Statens vegvesen om å vurdere bruksfordelene for elbil i byområdene. Tidligere i vår fikk vi en anbefaling fra en arbeidsgruppe som har foreslått tiltak for å få flere reisende tilbake til kollektivtransporten. Et av virkemidlene som arbeidsgruppen pekte på, var å redusere fordelene ved bruk av elbil i nærheten av byområdene. Vi har da fulgt opp denne anbefalingen med et oppdrag om å konkretisere anbefalingene knyttet til bruksfordeler for elbilene i byene.»

Frå replikkordskiftet:

«Så er det det som handler om bruksfordel for elbil i byområdene, og legg merke til «i byområdene» […].»

I forslag til statsbudsjett vil regjeringa innføre meirverdiavgift for elbilar over 500 000 kronar, full omregistreringsavgift og ein heilt ny vektkomponent som også elbilar skal betale. No ser det altså i tillegg ut til at endringa i maksimal bomtakst skal gjelde både i og utanfor by.
Dette er alt anna enn føreseieleg.
Høgre er svært uroa for at det no stadig blir foreslått fleire endringar i elbilfordelane, utan at ein ser heilskapen. Alle endringar i elbilfordelane må sjåast opp mot 2025-målet og klimamåla våre, og ein må berekne kva utslag endringane får på Noregs klimarekneskap. Endringar må gjerast på ein slik måte at elbilane framleis vinn i konkurransen mot fossile bilar i alle bilklassar. Det er framleis trong for insentiv for å velje elbilar for å nå måla våre. Alle fordeler, både på kjøp og bruk, må derfor vurderast i ein heilskap. Det kan eg ikkje sjå at er gjort i regjeringas budsjettframlegg.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa fører ein ambisiøs klimapolitikk for å nå klimamåla våre. Meir bruk av nullutsleppsteknologi i transportsektoren er ein viktig del av løysninga. Vi skal nå måltala som er sette for nullutsleppskøyretøy. Vi har lenge hatt eit omfattande verkemiddelapparat med både avgifts- og bruksfordelar som har gjort at vi no har flest elbilar i verda, i høve til folketal.
I dei fleste segment er no elbilar konkurransedyktige i kjøp, og i fleire tilfelle også billegare enn fossile alternativ. I tillegg er elbilar billegare i drift. Samstundes som auka bruk av elbilar i staden for fossile bilar er avgjerande for å redusere utslepp frå transportsektoren, veit vi at elbilar skapar like mykje kø og trengsel som andre bilar, og dei slit på vegane og bidreg med støy og svevestøv lokalt.
I budsjettforslaget for 2023, jf. Prop. 1 S (2022-2023) for Samferdselsdepartementet, foreslår regjeringa å opne opp for at det, etter initiativ og vedtak fatta av lokale styresmaktar, kan fastsetjast ein takst for lette elbilar (takstgruppe 1) på inntil 70 prosent av ordinær takst i eksisterande og framtidige bompengeprosjekt. Forslaget gjeld alle bompengeprosjekt, både i og utanfor byområda. Det er fleire grunnar til at regjeringa foreslår å opne opp for at lokale styresmakter lokalt kan eines om å fastsette ein auka takst for lette elbilar.
Talet på elbilpasseringar i bomstasjonane har auka mykje dei seinaste åra. Denne utviklinga vil halde fram. Bompengeprosjekt treng stabile og føreseielege inntekter for å betale ned lånet som er tatt opp for å finansiere det aktuelle prosjektet. Inntektsgrunnlaget i bompengeprosjekta kan bli svekka ved at stadig høgare deler av bompasseringane har fritak, eller betaler ein lågare bompengetakst. Den problemstillinga gjeld ikkje berre i byområda. Regjeringa foreslår derfor å opne opp for at det kan krevjast inntil 70 pst. takst for lette elbilar i alle prosjekt. Ein slik mogelegheit vil kunne bidra til å sikre stabile inntektar når det blir fleire elbilar enn i dag. Eg vil understreke at det - som i dag – vil vere opp til lokale styresmakter om dei vil auke bompengetakstane for elbilar. Vi foreslår å vidareføre dagens regel om at det kan kjevjast inntil 50 prosent betaling for tunge nullutsleppskøyretøy.
I tillegg til å sikre stabile inntektar til prosjekt, nyttast bompengar i byområda òg til å regulere trafikk. Låge bompengetakstar for elbilar fører med seg lite trafikkavvising. Nullvekstmålet, som ligg til grunn i byvekstavtalene, vil kunne komme under press om ikkje noko blir gjort.
Vidare har bruksfordelane for elbilar påverka den konkurransekraften som privatbilar har samanlikna med kollektivtransporten. Særleg i dei store byområda er dette ei utfordring. Ein vil kunne forvente at bruksfordelane for elbilar bidreg til auka bilhald og bilbruk sidan elbilfordelane gjer det billigare å køyre bil for dei som skaffar seg elbil, samanlikna med ein diesel- eller bensinbil. I byområda ønskjer vi at trafikkveksten for personbilar skal takast med kollektivtransport, sykling og gonge og ikkje med meir biltrafikk som fører til kø, støy, svevestøv og dårleg framkomst for bussane.