Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:667 (2022-2023)
Innlevert: 08.12.2022
Sendt: 09.12.2022
Besvart: 16.12.2022 av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kvifor har ikkje departement og underliggande statsorgan levert rapportane, kan Språkrådet få en oversikt over fordelinga av skriftspråk som vert nytta i offentleg kommunikasjon, og kva vil statsråden gjera for at departementa og underliggande statsorgan skal klara å følgja språklova?

Begrunnelse

Frå 1. januar i år blei den nye språklova gjeldande.
Språkrådet fører tilsyn med korleis staten følgjer opp sin eigen språkpolitikk i praksis. Bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk, og offentlege organ har eit særleg ansvar for å bruka og styrkja nynorsk som det minst brukte skriftspråket. Det er viktig for legitimiteten til regelverket at offentlege organ bruker begge skriftspråka på ein måte som synleggjer dei for befolkninga.
Finansdepartementet og Utanriksdepartementet og 33 underliggjande statsorgan har ikkje levert dei rapportane Språkrådet har bede om. Språkrådet meiner dette vitnar om at delar av statsapparatet manglar vilje til å oppfylla krava i regelverket.
Her er rapporten det vert vist til: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt/2022/hvor-spraklovlydig-er-staten-selv/

Anette Trettebergstuen (A)

Svar

Anette Trettebergstuen: La meg først streke under at alle statsorgan har eit sjølvstendig ansvar for å følgje språklova.
Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgana etterlever nærare bestemte føresegner i lova, mellom anna § 13 om veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Språkrådet har effektivisert tilsynsarbeidet, og mykje av datatilfanget blir hausta inn automatisk. Dette gir enklare rapportering og meir nøyaktige data. I tillegg skal verksemdene sjølve sende inn rapportering om bokmål og nynorsk i sosiale medium, digitale sjølvbeteningsløysingar og i skjema.
Etter språklova § 20 har statsorgana ei plikt til å gi Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet. Likevel viser rapporten for 2021 at ikkje alle departement og verksemder gjer dette. Manglande rapportering og resultat blir følgt aktivt opp av Språkrådet mot aktuelle verksemder i tilsynsdialogen.
Det er behov for både informasjon, rettleiing og tilsyn for å bidra til betre etterleving av språklova. For å støtte opp under det arbeidet Språkrådet gjer, må departementsfellesskapen følgje opp.
I min eigen sektor følgjer eg opp i styringsdialogen med dei underliggande verksemdene. I tildelingsbreva for 2023 vil eg også minne om krava i språklova.
Kultur- og likestillingsdepartementet har eit overordna språkpolitisk ansvar i regjeringa. Dette betyr mellom anna at departementet er pådrivar for at andre departement følgjer opp språkpolitikken og språklova i si verksemd og sine sektorar. Eg vil følgje opp den manglande etterlevinga av krava til språkveksling og manglande rapportering til Språkrådet med eit eige brev til departementa.