Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:828 (2022-2023)

Innlevert: 19.12.2022
Sendt: 02.01.2023
Besvart: 09.01.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over kva Statens vegvesen region midt har forbrukt i 2022 pr. dato på prosjektet Møreaksen og vise til kva løyving/post i statsbudsjettet som dette er finansiert i frå?

Begrunnelse

Statens vegvesen region midt har på prosjektet Møreaksen i lengre tid brukt mykje midlar til planlegging. Prosjektet er overhodet ikkje priritert til oppstart, og ligg langt bak i køa for store samferdselsprosjekt her i landet. Få forstår korleis Statens vegvesen klarer å finansiere sin planlegging, av eit prosjekt som sannsynlegvis er milevis frå realistisk oppstart på mange tiår fram i tid.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen planlegg E39 Ålesund-Molde i tråd med prioriteringane i Nasjonal transportplan 2022-2033, jf. Innst. 653 S (2020-2021) og Meld. St. 20 (2020-2021). I 2022 vart det gjort arbeid med planlegging og optimalisering på heile strekninga.
I 2022 er det brukt om lag 100 millionar 2022-kroner til planlegging, optimalisering og grunnerverv for E39 Ålesund-Molde. Midlane er brukt på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveiinvesteringer, underpost 01 Porteføljen. Eg viser til svar på spørsmål 89 (2022-2023) frå representanten Sve for ei meir detaljert oversikt over aktivitetar som er utført i 2022.