Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren dokumentere og forklare korleis Statens vegvesen har tenkt å spare inn 1 time mellom Ålesund og Molde ved utbygging av Møreaksen?
Begrunnelse
Den 17 april vart E-136 konferansen arrangert i Åndalsnes, med god deltagelse. Her deltok også Transportkomiteen då komiteen var på komitereise i fylket denne dagen.
I eit innlegg frå strategisjefen i Statens vegvesen region midt, utalte han følgjande:
"Ved ferdig utbygd E-39 Ålesund- Molde (Møreaksen) ville ein frå 2 timars reisetid i dag frå Ålesund til Molde, redusere denne reisetida med 1 time."
Dette var heilt nye opplysningar for dei aller fleste i konferansen, og sansynligvis også for resten av befolkninga og næringslivet i fylket.
2 timar mellom Ålesund og Molde er sjølvsagt ikkje tilfelle eller nokon som helst realitet, ei heller at nokon som helst utbygging kan halvere reisetida mellom desse to byane.
Når fagetaten Statens vegvesen møter opp på ein konferanse ang E-136, og velger å dra igang likevel ein debatt om Møreaksen, er det alltid ein fordel at ein brukar faktabasert informasjon som ikkje berre skapar enda meir forakt og frustrasjon mot prosjektet Møreaksen som eit stort fleirtal av folket i fylket IKKJE vil ha. Pr. i dag tar ferja 30 minutt over fjorden og med 20 minuttars avgang er det lite ventetid. Dei fleste veit når ferjene går og har inga ventetid, samt at ferjene lenger sør og nord korensponderar slik at ventetida vert såleis minimal. Ein ny veg via Møreaksen vil for alt av tungtransport bruke lenger tid enn dagens ferjer, som vil medføre med kun tofeltstunellar utan om sjølve fjordkryssinga, garantert kø bak vogntog og lav fart.