Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:2618 (2022-2023)

Innlevert: 21.06.2023
Sendt: 22.06.2023
Besvart: 27.06.2023 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva planar har statsråden for å gje Nordhordland betre politistasjon?

Begrunnelse

Nordhordland politistasjon er lokalisert i Knarvik med ein lokalitet. Eg møtte det lokale politiet der saman med ordførarkandidat i Alver kommune for FrP Mary-Ann Mostraum for å bli oppdatert på aktuelle saker. I den forbindelse var det umulig å ikkje merke at lokalene var uhensiktsmessig og ikkje i den stand ein kan forvente for ein så stor stasjon. Planar om ny stasjon har dessverre ikkje lenger den framdrift det burde. Så derfor etterlyser me politisk press for å få fortgang i bygging av ny meir tidsriktig stasjon.

Emilie Mehl (Sp)

Svar

Emilie Mehl: Regjeringa prioriterer politiet. Noko av det første vi gjorde då vi kom i regjering var å styrke politiet med 200 millionar kroner i budsjettet for 2022. I budsjettet for i år prioriterer vi å bruke ressursar på betre lokale polititenester og beredskap, og mindre på m.a. sentral administrasjon og konsulentar. I tillegg har regjeringa nettopp fått gjennomført den største prioriteringa av politiet i eit revidert budsjett vi kjenner til, med ein auke på 550 mill. kroner.
Det er politimeistrane som har ansvar for å disponere midlane i politidistrikta best mogleg i tråd med føringane frå Stortinget og departementet, anten det er til nye bygg, bemanning eller andre tiltak politiet sjølv finn det formålstenleg å prioritere. Dette inkluderer eventuelle planar for ein ny politistasjon i Nordhordland. Eg legg til grunn at Vest politidistrikt gjennomfører dei tiltaka dei finn nødvendige for at politiet skal vere til stades og yte gode polititenester i Nordhordland.