Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2695 (2022-2023)

Innlevert: 28.06.2023
Sendt: 29.06.2023
Besvart: 06.07.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over overføringane til fylka til ferjedrifta dei siste 5 åra med framlagt berekningsgrunnlag, samt ei oversikt over samla overføringar til samferdsel generelt for dei ulike fylka i same tidsperiode?

Begrunnelse

Vi kan frå dei fleste ferjefylka høyre ein klagesang over at ferjedrifta er underfinansiert frå Staten si side.
I fylke etter fylke høyrer vi også om smekkfulle disposisjonsfond, med milliardbeløp. Milliardbeløp som garantert ikkje har oppstått med bakgrunn i ei svelteforing av fylkeskommunane dei siste 8 åra frå den borgarlege regjeringa.
Her i Møre og Romsdal er disposisjonsfondet på omlag 800 mill. kr, og med bakgrunn i at det ligg an til mange hundre million kr i overskot i drifta for 2023, vil nok dette fondet passere 1 milliard kr.
Likevel kuttar den AP/SP styrte fylkeskommunene i Møre og Romsdal både i ferjedrifta og i heilt nødvendig vegvedlikehold. Kutt i vegvedlikehold er også direkte trafikkfarleg politikk, som vi har diskutert mange gongar i Stortinget.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: