Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2908 (2022-2023)
Innlevert: 18.08.2023
Sendt: 18.08.2023
Besvart: 25.08.2023 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva gjer regjeringa for å auka ombruken i samfunnet, og vil regjeringa ta initiativ til at alle kommunar skal ha ombruksmottak?

Begrunnelse

Me kjem ikkje utanom ombruk om me skal redusera klimautsleppa og oppnå eit berekraftig samfunn. Produksjon og transport av nye produkt krev store mengder råvarer og energi, og varene vert transportert over heile verda.
Sjølv om det vert gjort mange gode tiltak innan ombruk i Noreg, vert det framleis kasta enorme mengder brukbare gjenstandar og materiale i dagens «bruk og kast-samfunn», både i offentleg og privat sektor. Ombrukspotensialet i Noreg er stort og mykje av det som vert kasta er gjenstandar som kan gå direkte til ombruk utan å måtta oppgraderast eller reparerast. Utfordringa er at det manglar velorganiserte system for ombruk i Noreg og lovreguleringar på området.
Eit eksempel er kommunale gjenvinningsstasjonar og selskap som leiger ut avfallskonteinarar til hushalda. IVAR (interkommunalt selskap med ansvar for vatn, avløp og gjenvinning i 12 kommunar i Rogaland) har estimert mengda brukbare varer som blir kasta av norske hushald til å vera oppimot 100 000 tonn kvart år på landsbasis. I tillegg vert det kasta store mengder ombruksvarer i offentleg sektor og i næringslivet.
IVAR har som mål at alt som er brukbart på gjenvinningsstasjonane deira skal reddast for så å gå til ombruk og få eit lengre liv. Dette vil både redusera ressursforbruket i samfunnet og ha ein stor klimagevinst. Hos IVAR på Lura i Sandnes opnar Noregs største senter for organisert ombruk ved årsskiftet.
I dag er det mange kommunar og interkommunale selskap som ikkje har velorganisert ombruk på gjenvinningsstasjonane sine. Dette burde vera ei kommunal plikt, gjerne forskriftsfesta. I tillegg bør alle kommunar og staten sjølv etablera velorganiserte ombrukstiltak for eigne utrangerte produkt som vert kasta frå offentlege bygg og som andre kan ha bruk for.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Auka ombruk er viktig for å halde produkt i krinsløpet så lenge som mogleg, og er viktig i omstillinga til ein sirkulær økonomi som bidrar til positive effektar for klima og miljø. Tiltak og verkemiddel for auka ombruk er viktig for regjeringa og blir sentralt i åra framover. Vi gjer fleire ting for å auke ombruket i Norge.
I 2021 utarbeidde Miljødirektoratet ein analyse av tiltak og verkemiddel for auka ombruk, førebuing til ombruk og materialattvinning av hushaldsavfall og liknande næringsavfall. Formålet med analysen var å finne dei mest effektive verkemidla for å nå EU-måla for materialattvinning og førebuing til ombruk av denne typen avfall. Eit resultat av tiltaksanalysen, er eit nytt kapittel i avfallsforskrifta om krav til utsortering og materialattvinning av plastavfall og bioavfall, som trådde i kraft 1. januar i år. I sommar blei endringar i dette kapitelet sendt på høyring. Der er det foreslått krav til utsortering og separat innsamling av fleire avfallstypar, samt at alle avfallstypar som blir samla inn separat skal sendast til materialgjenvinning eller førebuing til ombruk. Det er foreslått separat innsamling av tekstilavfall frå 2025. Sjølv om dette er avfall, vil noko kunne førebuast til ombruk gjennom kvalitetssjekk og/eller reparasjon.
Auka førebuing til ombruk og materialattvinning av grovavfall (avfall som ikkje formålstenleg kan samlast inn gjennom den kommunale henteordninga for avfall) var også vurdert i tiltaksanalysen frå Miljødirektoratet. For å følgje opp denne ga Klima- og miljødepartementet i januar 2023 Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut forslag til forskriftskrav for auka førebuing til ombruk og materialgjenvinning av grovavfall. I dette oppdraget skal blant anna tiltak som auka utsortering av potensielt ombrukbare artiklar frå hushalda som blir leverte på gjenvinningsstasjonane og auka utsortering av materialattvinnbare fraksjonar frå hushaldsavfall som blir samla inn av private aktørar greiast ut. Oppdraget skal leverast 31. oktober 2023.
Regjeringa har også tatt tak i eit regelverk som har hindra auka ombruk, nemleg brukthandellova med tilhøyrande forskrift. Regelverket inneber at handelsverksemd med brukte varar må ha løyve frå politiet, varar må loggførast manuelt i ein fysisk protokoll og varane må oppbevarast i to veker før dei kan bearbeidast eller seljast vidare. Næringsministeren har sendt forslag om å oppheve brukthandellova og tilhøyrande forskrift blei sendt på høyring sommaren 2023, med formål om å gjere det enklare å drive handelsverksemd med brukte varar.
Før sommaren sendte regjeringa også på høyring forslag til ei ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder, som mellom anna gjennomfører eit føreslege nytt regelverk frå EU om at produkt skal designast for å vere berekraftige (økodesignforordninga). Forslaget inneber mellom anna strengare krav til produkts kvalitet og moglegheit for ombruk, og til dømes krav om at dei skal vere enklare å reparere, oppgradere og vedlikehalde. Dette vil gjere at produkt som settast på marknaden vil verte enklare å ombruke og føre til at dei varar lenger.
I juni 2022 kom det krav om ombrukskartlegging i bygg ved ein revisjon av TEK17. Alle rehabiliterings- og riveprosjekt som fell inn under krava i TEK17, pliktar å kartleggje bygningsdelar som er eigna for ombruk (§ 9-7). Det vart også gitt krav om at byggverk skal prosjekterast og byggjast slik at det er tilrettelagt for seinare demontering når dette kan gjennomførast innanfor ein praktisk og økonomisk forsvarleg ramme (§ 9-5).
Regjeringa er altså i gang med fleire viktige endringar av ulike regelverk for å bidra til at ombruket i Noreg aukar. Det er rimeleg å anta at dei foreslådde endringane i avfallsregelverket vil bidra til at kommunane vil legge betre til rette for ombruk. Det er naturlegvis svært positivt at kommunar har eller opprettar ombruksmottak sjølv om vi ikkje har konkrete planar om å gjere det obligatorisk for alle kommunar å ha ombruksmottak.