Muntlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til forsvarsministeren

Om forsvarsministeren vil føreslå og ta initiativ til ei brei og ekstern evaluering av det norske militære Libya-bidraget

Datert: 11.05.2016
Besvart: 11.05.2016 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Spørsmålet mitt går til forsvarsministeren.

Regjeringa har varsla eit norsk militært bidrag til deltaking i kampen mot ISIL, eit bidrag i Jordan, men som ein ikkje kan sjå bort frå etter kvart òg vil operere inn i Syria. Det betyr at Noreg no vil vere tungt involvert i ein ny stor regional væpna konflikt. Vi vil ha eit bidrag i Irak og eit i Jordan og Syria.

Samtidig er det denne våren fem år sidan krigen i Libya, der Noreg deltok i ein militær operasjon med det opphavlege formålet å beskytte sivile, men som etter kvart førte fram til eit regimeskifte i Libya. Mykje kan seiast om Libya, men eg trur det kan vere mogleg å skape brei einigheit om at Libya i dag er ein av dei statane som fungerer aller dårlegast i verda, og har massive utfordringer – frå det humanitære til sjølve styret av samfunnet – utan at eg eingong skal antyde at Libya var eit spesielt lysande eksempel på eit velfungerande land før det.

Likevel er det slik at den omfattande norske militære innsatsen den våren, og mandatet rundt endringane som skjedde rundt det, ikkje har vore gjenstand for ei brei og ekstern evaluering til no, sjølv om det har vore ganske betydeleg offentleg debatt om bidraget og om tanken om ei evaluering. Eg ville vel sagt at det ville vore klokt å evaluere den innsatsen før ein no gjekk i gang med ein ny i den same regionen, men det er for seint no. Det er derimot ikkje for seint å evaluere det og trekkje lærdom av det som skjedde då, til seinare. Så spørsmålet mitt er: Vil forsvarsministeren føreslå og ta initiativ til ei brei og ekstern evaluering av det norske militære Libya-bidraget?


Les hele debatten