Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helseministeren

Om statsråden vil bidra til at Borgestadklinikken Bragernes kan få forlenga sin avtale, utsette avgjerda og avklare korleis vekst i behandling kan skje, slik at regjeringserklæringa blir følgt opp

Datert: 01.02.2018
Besvart: 07.02.2018 av helseministeren Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): I regjeringserklæringa står det at regjeringa vil etablere fleire behandlingsplassar og betre ettervern for alkoholmisbrukarar. Men Borgestadklinikken, avdeling Bragernes, har nyleg tapt anbodet til Helse Sør-Øst om vidare drift av 25 behandlings- og avrusingsplassar for alkoholmisbrukarar.

Vil statsråden bidra til at Borgestadklinikken Bragernes kan få forlenga sin avtale, utsette avgjerda og avklare korleis vekst i behandling kan skje, slik at regjeringserklæringa blir følgt opp?


Les hele debatten