Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva statsråden meiner om funna frå Befalets Fellesorganisasjon (BFO) si undersøking som viser dårleg trivsel blant tilsette i Forsvaret, og kva vil han gjere med situasjonen så Forsvaret ikkje både vil miste viktig kompetanse og verte mindre attraktivt som arbeidsplass
Datert: 14.01.2021
Besvart: 20.01.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp): Det vart nyleg publisert funn frå Befalets Fellesorganisasjon (BFO) si undersøking om trivselen blant tilsette i Forsvaret. Ifølgje undersøkinga vil berre kring åtte prosent av dei tilsette i Forsvaret i dag tilrå Forsvaret som arbeidsplass. Tilstanden innan eigedom, bygg og anlegg er kritisk dårleg fleire stader. Dersom tilhøva ikkje vert betra snarleg vil Forsvaret både miste viktig kompetanse og verte mindre attraktivt som arbeidsplass.
Kva meiner statsråden om funna frå BFO si undersøking, og kva vil han gjere med situasjonen?