Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Om statsråden vil sørgja for å ta vare på eit landbruk i heile landet og gjennom jordbruksoppgjeret i år følgja opp Stortingets mål om å redusera og tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper

Datert: 21.04.2021
Besvart: 21.04.2021 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Mitt spørsmål går til landbruks- og matministeren. Jordbrukspolitikken handlar om korleis Noreg skal sjå ut, og korleis Noreg skal vera. For Senterpartiet er jordbruket enormt viktig. Senterpartiets engasjement for jordbruket, matproduksjonen og den norske bonden har mange grunnar:

Matproduksjonen i mange bygder og delar av landet er i ein kritisk fase. To av dei viktigaste delane av jordbrukspolitikken er tollvernet og jordbruksoppgjeret. No er det uro, bekymring og spenning knytt til begge delar. Noreg forhandlar med Storbritannia om ein frihandelsavtale etter brexit. Her er frykta at regjeringa vil gje auka tilgang for importert mat på norsk produksjon si rekning.

Me er òg i starten av jordbruksoppgjeret for i år, og no har me fått tal som viser at inntektsforskjellane mellom jordbruket og andre grupper aukar. Dei siste fem åra har inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper auka med 12 000 kr. Dette skjer trass i at Stortinget har vedteke eit mål om å tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet.

Vil statsråden sørgja for å ta vare på eit landbruk i heile landet og gjennom jordbruksoppgjeret i år følgja opp Stortingets mål om å redusera og tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper?


Les hele debatten