Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til fiskeri- og havministeren

Om statsråden ser det problematiske i eit fiskeri- og havpolitisk perspektiv at det blir utgreidd for oljeverksemd i område som bl.a. inkluderer Eggakanten, Tromsøflaket, og berøring med Mallangsgrunnen, som er eit veldig viktig fiskeområde for store delar av Troms og Finnmark og delar av Nordland

Datert: 19.01.2022
Besvart: 19.01.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Spørsmålet mitt går til fiskeri- og havministeren.

Først vil eg berre seie at eg synest det er veldig bra at den nye regjeringa har utvida verkeområdet til fiskeriministeren også til hav, at ein rett og slett ser fiskeria som ein del av havet, at ein ser det samla. Det er veldig positivt.

I går kom ei pressemelding frå regjeringa om at det er gitt 53 nye utvinningsløyve til oljeindustrien. Som det står i pressemeldinga, er dette leiterundar i dei mest modne områda på norsk sokkel. Det vil innebere både seismikkundersøking, leiteboring, utvinning osv. i desse områda. I pressemeldinga står det ikkje eitt ord om fisk. Dette er område som bl.a. inkluderer Eggakanten, tett opp til den kanten som er eit kjent norsk fiskeriområde, Tromsøflaket, berøring med Mallangsgrunnen, som er eit veldig viktig fiskeområde for store delar av Troms og Finnmark og delar av Nordland, og det er gytefelt for makrell og tobis. Det går rett inn i det som skulle vere poenget med ein statsråd på dette feltet, at ein skulle hegne om dei områda som er avgjerande for norsk fiskeri, slik at ein ikkje gjer noko som øydelegg for dei norske fiskeria.

Eg har ikkje sett noko anna frå fiskerimyndigheitene, frå fagmyndigheitene, om at dei er motstandarar av utviding på stadig nye område for leiteverksemd. Dette er direktorat og fagmyndigheiter på statsråden sitt område. Ser statsråden det problematiske i eit fiskeri- og havpolitisk perspektiv at det blir utgreidd for oljeverksemd i desse områda?


Les hele debatten