Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden har fått signal frå EU om at Noreg kan få fullt medlemskap i EUs samarbeid om helseberedskap

Datert: 19.02.2025
Besvart: 19.02.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Det blir nok ein ny tur for helseministeren til talarstolen, så han får sine 10 000 skritt i dag. Mitt spørsmål er som følgjer: Dei siste vekene har Trump-administrasjonen trekt USA ut av Verdas helseorganisasjon, gått til masseoppseiingar i det amerikanske smittevernbyrået og utnemnd ein vaksineskeptikar til helseminister. Det som no skjer i USA, er nifst. Det set millionar av liv i fare. Det betyr også at faren for ein ny global pandemi aukar, og at smittevernet mot ein ny pandemi blir svekkja globalt.

I denne nye situasjonen hastar det, etter Venstres syn, meir enn nokon gong at Noreg får fullt medlemskap i EUs samarbeid om helseberedskap, som er ein del av helseunionen til EU. Det er ikkje noko som utanforlandet Noreg har krav på gjennom EØS-avtalen. Det krev anten EU-medlemskap eller velvilje frå EU si side. Då den interne regjeringsstriden mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet heldt på, var helseministeren prisverdig klar på at Noreg må innføre EU-direktiv regjeringa somlar med, viss vi skal ha moglegheit til å få vere med i det stadig viktigare helsesamarbeidet i EU. For å sitere helseministeren i eit intervju med Aftenposten for tre veker sidan:

Det var godt sagt, men det som undrar meg og Venstre sterkt, er at regjeringa i neste omgang varsla at Noreg ikkje skal innføre den resterande delen av EUs rein energi-pakke, ikkje i år og ikkje dei neste fire åra. Så mitt spørsmål er:

Korleis kan helseministeren seie at det rimar med hans eigne ord om at Noreg må vareta forpliktingane vi har hatt EØS-avtalen? Har helseministeren fått signal frå EU, som han kan dele med oss her i dag, om at denne «prinsesse vil ikkje»-strategien frå den norske regjeringa blir sett på med godvilje i EU, i vårt arbeid med å kome på innsida av helsesamarbeidet i EU?

Les hele debatten