Spørsmål
Marthe Hammer (SV): Mitt spørsmål går også til finansministeren.
Det går godt her i Noreg, men det går ikkje godt for alle. Det har vore ein eventyrleg vekst i formuane i dette landet dei siste åra. Formuane til personlege eigarar av unoterte selskap har vakse langt meir enn norsk økonomi, og mens medianinntekta til vanlege folk har auka med knappe 3,8 pst., har likningsverdien for personleg eigde unoterte selskap auka med 156 pst. sidan 2011 – og endå meir om vi legg marknadsverdien til grunn.
Samtidig veks nesten 10 pst. av barna i Noreg opp i ein fattig familie. Det betyr at i gjennomsnitt to til tre elevar i kvart klasserom veks opp i ein familie med dårleg råd. Det gjeld derimot ikkje dei 300 barna av Noregs aller rikaste som Kapital for nokre veker sidan kunne informere om at sat på ein verdi på ikkje mindre enn 672 mrd. kr. I dag fekk vi tal frå Statistisk sentralbyrå som seier at endå fleire unge aleinebuande og einslege forsørgjarar enn før slit med å få endane til å møtast i Noreg. Det skjer altså samtidig med at dei rikaste i landet er blitt fleire.
Det er eit problem i Noreg i dag at forskjellane aukar – at dei aller, aller rikaste stikk frå. Dei superrike i Noreg har blitt så rike at det er vanskeleg å fatte. NRK kunne i vår melde at salet av Ferrari- og Lamborghini-bilar har auka parallelt med formuen til dei rikaste nordmennene. Dei tre rikaste har ein formue på 490 mrd. kr.
I ein slik situasjon, når denne ulikskapen eksisterer i Noreg, er det vårt ansvar som folkevalde å dele ressursane i samfunnet betre. Finansministeren har invitert til eit arbeid med en skattekommisjon og til eit skatteforlik. Då er mitt spørsmål: Korleis tenkjer finansministeren at eit skatteforlik med høgresida vil sikre at ulikskapen i Noreg går ned og ikkje opp?