Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva statsråden eigentleg har gjort for å hindre alvorlege trafikkulykker.
Datert: 12.11.2025
Besvart: 19.11.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Sist periode var det ein betydeleg debatt for trafikktrygging og tiltak om å få ned antal alvorlege ulykker på norske vegar. No ser vi at antal døde og hardt skadde i trafikken aukar bekymringsfullt, der tiltaka som samferdselsministeren skulle ha gjennomført, anten ikkje har blitt gjennomført eller rett og slett ikkje verkar. Regjeringa har fokusert på auka bøtesatsar mot politiet sin vilje og auka ATK-bruk istaden for trafikktryggande tiltak og bygging av trygge vegar.
Kva har statsråden eigentleg gjort for å hindre alvorlege ulykker?