Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om korleis statsråden ser på at kommunane si avveging mellom natur og nedbygging totalt sett gjer at me ikkje når nasjonale mål om naturbevaring, og kva vil han gjere med det.
Datert: 19.11.2025
Besvart: 19.11.2025 av kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran

Marius Langballe Dalin (MDG): Vi er glade og stolte av den norske naturen, på tvers av partilinjer og uansett kor i landet vi bur. Det har vi jammen god grunn til. Det er eit fantastisk vakkert land, med unike naturkvalitetar og økosystem det verkeleg er verdt å ta vare på.
Samtidig har naturen vår store utfordringar, og mange dyre- og fugleartar er i stor krise. Vi byggjer ned mykje natur år for år, og ser ein tilbake, er det skremmande å sjå kor fort den utviklinga går. 80 pst. av sjøfuglane har forsvunne frå fuglefjella. Kvart år mistar vi fleire tusen dekar matjord. Villreinen og villaksen er på raudlista, og tidlegare veldig rike lakseelver må stengast. Drygt 100 artar er antekne utrydda frå norsk natur sidan 1800-talet. Dette er ein katastrofe i sakte film, som stort sett skuldast at folk med særs gode intensjonar og ønske for kommunen sin ønskjer å realisere endå eit nytt utbyggingsprosjekt.
Kommunane skal vege omsynet til verdifull natur opp mot interessene til kommunane og utbyggjarar. Dessverre ser vi at viktige nasjonale målsetjingar ikkje blir nådde, sidan lokalt sjølvstyre vektlegg omsynet til natur og matjord i relativt liten grad. Med mine ti års erfaring frå kommunepolitikken synest eg det er fullt forståeleg, men det er sørgjeleg for naturen og for generasjonane i framtida.
Ansvaret for å hindre at dette blir ein tragedie for allmenningen som øydelegg livsgrunnlaget vårt, ligg hos kommunalministeren, som er sjefen for norsk arealpolitikk og planpolitikk. Det er statsråd Skjæran som må sjå heilskapen i økosystema og sørgje for at nasjonale omsyn blir tekne. Korleis ser statsråden på at kommunane si avveging mellom natur og nedbygging totalt sett gjer at me ikkje når nasjonale mål, og kva vil han gjere med det?