Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Datert: 07.01.2026
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Underteikna har ved fleire anledningar stilt spørsmål til samferdselsministeren om skilting på norske vegar. Dette gjeld spesielt slendrian med direkte slurv frå entreprenørar langs vegnettet, der skilt står både ulovleg og unøyaktig og til tider er direkte trafikkfarlege. Skilt for vegarbeid blir ikkje fjerna i helgar eller feriar, og blir ofte «gløymde igjen», andre skilt er direkte uforståelege. Feil skilting kan vere trafikkfarleg.
Har statsråden no snart tenkt å ta fatt i dette og gjere noko med dette?