Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Om når regjeringa vil ta grep for å sikra at det framover er mat i butikkhyllene på Svalbard

Datert: 14.01.2026
Besvart: 14.01.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Mitt spørsmål går til samferdselsministeren.

Svalbard er viktig for Noreg. Ikkje minst i dagens sikkerheitspolitiske situasjon er det heilt avgjerande at infrastruktur og kvardagsliv fungerer på Svalbard. Senterpartiet meiner at Svalbard skal vera det familiesamfunnet som Stortinget har bestemt at det skal vera. I dag er situasjonen at innbyggjarane i Longyearbyen ikkje kan drikka vatn frå springen, og i den einaste daglegvarebutikken i Longyearbyen er det tomme hyller på grunn av manglande forsyningar.

Vareforsyning til øygruppa går med båt, og i tillegg har Posten hatt fraktefly som fram til 2025 har frakta mat til Svalbard. No er båten til reparasjon, ingen veit når neste båt kan koma, og Posten har slutta å fly varer til Svalbard med fraktefly. Det rammar altså transporten av mat. Resultatet er tomme butikkhyller. Det er omtrent ikkje til å tru.

Då er mitt spørsmål: Er Arbeidarpartiet fornøgd med ein situasjon der butikkhyllene på Svalbard er tomme for mat, eller vil regjeringa ta grep for å sikra at det framover er mat i butikken?

Les hele debatten