Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Spørretimespørsmål fra Erling Sande (Sp) til kommunal- og distriktsministeren

Kart frå mellom anna Noregs vassdrags- og energidirektorat gjev kommunane nyttig informasjon om naturfare ved planlegging av busetnad og næringsaktivitet, sjølv om kartgrunnlaget nokre stader ikkje har nødvendig detaljnivå til å avgjere om det er ein konkret risiko. Tilbakemeldingar frå fleire er no at krav om ytterlegare naturfarekartlegging får unødvendig stort omfang. Sjølv for å realisere mindre tiltak på eige hus og eigedom blir det kravd at folk gjer dyre naturfarekartleggingar. Kva vil statsråden gjere for å unngå at folk får krav om kartlegging for slike mindre tiltak?

Datert: 26.02.2026
Utsatt til neste spørretime

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kart frå mellom anna Noregs vassdrags- og energidirektorat gjev kommunane nyttig informasjon om naturfare ved planlegging av busetnad og næringsaktivitet, sjølv om kartgrunnlaget nokre stader ikkje har nødvendig detaljnivå til å avgjere om det er ein konkret risiko. Tilbakemeldingar frå fleire er no at krav om ytterlegare naturfarekartlegging får unødvendig stort omfang. Sjølv for å realisere mindre tiltak på eige hus og eigedom blir det kravd at folk gjer dyre naturfarekartleggingar.
Kva vil statsråden gjere for å unngå at folk får krav om kartlegging for slike mindre tiltak?