Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Avisa Verdens Gang har gått gjennom alvorlege hendingar og dødsfall knytte til fødslar i 2023 og 2024 og sett på 5 440 avviksmeldingar. Berre 54 av 205 alvorlege saker vart melde til Helsetilsynet. I 2024 vart berre 33 prosent av dødsfall der det vart skrive avvik, varsla til Helsetilsynet, og 77 prosent av saker med betydeleg skade på pasienten vart ikkje varsla. Dette er ein uhaldbar situasjon som kan få alvorlege følgjer. Kva vil statsråden gjere for å styrke pasienttryggleiken og sikre ein forsvarleg meldepraksis?
Datert: 19.03.2026
Til behandling

Kjersti Toppe (Sp): Avisa Verdens Gang har gått gjennom alvorlege hendingar og dødsfall knytte til fødslar i 2023 og 2024 og sett på 5 440 avviksmeldingar. Berre 54 av 205 alvorlege saker vart melde til Helsetilsynet. I 2024 vart berre 33 prosent av dødsfall der det vart skrive avvik, varsla til Helsetilsynet, og 77 prosent av saker med betydeleg skade på pasienten vart ikkje varsla. Dette er ein uhaldbar situasjon som kan få alvorlege følgjer.
Kva vil statsråden gjere for å styrke pasienttryggleiken og sikre ein forsvarleg meldepraksis?