Spørretimespørsmål fra Magne Aarøen (KrF) til sosialministeren
Om moglege reaksjonar etter at spritprodusenten og -importøren Guinness UDV har reist rundt og drive med _ulovleg marknadsføring av alkoholhaldig drikk_, m.a. ved gratis servering til ungdom
Datert: 10.05.2002
Besvart: 22.05.2002 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

Spørsmål
Magne Aarøen (KrF): Ifølgje programmet Forbrukerinspektørene, sendt i NRK1 8. mai d.å., har spritprodusenten og spritimportøren Guinness UDV i mars/april i år reist rundt til fleire norske byar med ein større spesialinnreidd trailer og drive med ulovleg marknadsføring av alkoholhaldig drikk, m.a. ved gratis servering til ungdom.
Kva reaksjonar rår statsråden over for å etterforske og straffe eit slikt mogleg grovt brot på alkohollova, og kva for nokre av desse moglege reaksjonane kan ho tenkje seg å gjere seg nytte av i saka?