Spørretimespørsmål fra Ingrid I. Opedal (SV) til samferdselsministeren
Om at eit samarbeid om _transport av flytande kalk med Raumabanen_ kan verte tvinga til å avslutte, og resultere i nye vogntog, auka utslepp og fleire ulukker
Datert: 29.10.2003
Besvart: 05.11.2003 av samferdselsminister Torild Skogsholm

Spørsmål
Ingrid I. Opedal (SV): Av artikkel i Romsdals Budstikke 28. oktober går det fram at bedrifta Hustadmarmor kan verta tvinga til å avslutta eit 20 år langt samarbeid med NSB/CargoNett om transport av flytande kalk frå Elnesvågen til Hønefoss med Raumabanen. Årsaka er at CargoNett går over til konteinervogner, og dermed ikkje lenger kan tilby transport med tankvognene Hustadmarmor er avhengige av. Resultatet kan verta 1 000 nye vogntog i året, auka utslepp og fleire ulukker.
Kan og vil statsråden gjera noko for å hindra at dette skjer?