Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kommunalministeren har planar om å gjeninnføre den _kommunale sjølvråderetten_, då tilbakemeldingar frå kommunane tyder på at lokaldemokratiet er innsnevra og at trivselen i Distrikts-Noreg blir mindre
Datert: 07.03.2012
Besvart: 07.03.2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP): Kommunalministeren er ofte oppteken av den lokale sjølvråderetten og lokaldemokratiet i festtalar, men ut over det skjer det openbert ikkje så veldig mykje på det området – tvert imot tyder ting på at det går i feil retning.
Tilbakemeldingar frå kommunane tyder på at lokaldemokratiet er innsnevra – det er svekt – og ein føler seg bunden på både hender og føter. Ein opplever altså at staten nærmast opptrer som eit rovdyr der ein stadig vekk et opp lokalt handlingsrom. Det gjer ein i form av lovar og forskrifter og også i form av innvendingar. Ein har eit veldig komplisert lovverk og ein kjem med stadig nye krav til kommunane utan at det følgjer pengar med. Det er ikkje noko spørsmål om pengane skal vere øyremerkte eller ikkje øyremerkte, det er altså ikkje det lokalpolitikarane er opptekne av, dei er opptekne av den detaljstyringa som skjer, og også dei overivrige fylkesmennene som stadig grip inn i den lokale sjølvråderetten – meir og meir.
Berre i Hordaland – i mitt fylke – er det prosjekt på meir enn 10 mrd. kr som no står på vent på grunn av at staten ved fylkesmannen har gripe inn og stoppa desse. Dette gjer det sjølvsagt vanskelegare å rekruttere lokalpolitikarar, men det er ikkje det verste. Det verste er sjølvsagt at dette går ut over innbyggjarane – tenestetilbodet blir dårlegare, og moglegheita til å få søknader igjennom, f.eks. i byggjesaker, blir svekt – det tek veldig lang tid. Dette fører til at trivselen i Distrikts-Noreg og ute i kommunane blir mindre.
Så mitt spørsmål til kommunalministeren er: Har kommunalministeren planar om å gjeninnføre den kommunale sjølvråderetten?